Kongeå
Utsjånad
55°22′49.55″N 8°38′39.82″E / 55.3804306°N 8.6443944°E
Kongeå | |||
elv | |||
Land | Danmark | ||
---|---|---|---|
Lengd | om lag 50 km | ||
Kjelde | Sør for Vamdrup | ||
Munning | Ved Kongeå sluse nord for Ribe i Vadehavet | ||
Kongeå 55°23′01″N 8°41′19″E / 55.3836°N 8.6886°E | |||
Wikimedia Commons: Kongeå |
Kongeå er ei elv i Danmark som dannar grensa mellom Nord-Jylland og Sønderjylland. I perioden 1864-1920 fungerte ho òg som ei grense mellom Danmark og Tyskland. I mellomalderen vart elva kalla Skodborg Å etter den kongelege borga Skodborghus, som låg ved ein overgongstad sør for Vejen. I fleire hundreår var det tollgrense ved Kongeå, som skilde Danmark frå Hertugdømet Slesvig.
Elva har sitt utspring søraust for Vejen og Vamdrup og munnar ut i Vadehavet nord for Ribe etter om lag 50 km.
Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- Denne artikkelen bygger på «Kongeå» frå Wikipedia på dansk, den 27. mars 2007.