Hopp til innhald

Kuchl

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Marknadsgata i Kuchl

Kuchl er ein kommune i distriktet Hallein i forbundslandet Salzburg i Austerrike. Kommunen har ei flatevidd på 47,1 km² og i kring 7 100 ibuarar.

Folket bur i ni større og nokre mindre krinsar. To av landsbyane, kommunesenteret Kuchl og Georgenberg har kvar 17-1800 ibuarar. Dei ni krinsane ligg på ei elveslette på kora sida av elva Salzach, omgjevne av fjell opp til 1500-2500 meter over havet. Landbyen Kuchl ligg 468 moh.

Næringar knytt til skogbruk, så som hogst, sagbruk og møbelverksemd gjev størst sysselsetting i Kuchl.