Kyrkjeslavisk
Kyrkjeslavisk славе́нскїй ѧ҆зы́къ | ||
Klassifisering | Balto-slaviske språk | |
Bruk | ||
Kyrkjeslavisktalande i alt | ingen | |
Skriftsystem | Glagolittisk (Glag), kyrillisk (Cyrs) | |
Språkkodar | ||
ISO 639-1 | cu | |
ISO 639-2 | chu | |
ISO 639-3 | chu | |
Glottolog | chur1257
|
Kyrkjeslavisk er eit liturgisk språk som blir brukt i mange ortodokse kyrkjer i land med slaviske språk; den største av desse er Den russisk-ortodokse kyrkja.
Språket er ein meir moderne variant av det gammalkyrkjeslaviske språket som misjonærane Kyrillos og Methodios utvikla på 800-talet. Språket tente som litteraturspråk fram til ca. 1800. I dag blir språket knapt brukt utanom liturgisk bruk.
Ein skil mellom bulgarsk-kyrkjeslavisk, russisk-kyrkjeslavisk, serbisk-kyrkjeslavisk, kroatisk-kyrkjeslavisk og tsjekkisk-kyrkjeslavisk. Det kyrkjeslaviske språket kan vere vanskeleg å forstå for moderne russarar. Likevel held den russiske kyrkja på dette språket i liturgien, slik språket også blir brukt i dei slaviske nabolanda. Slik blir desse slaviske nasjonane bundne saman både kulturelt og mentalt. Den russiske støtta til serbarane i konfliktane på Balkan kan vere ei følgje av dette kulturelle sambandet.[1]
Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- Denne artikkelen bygger på «Kyrkslaviska» frå Wikipedia på svensk, den 1. januar 2013.