La La Love
«La La Love» | |||||
---|---|---|---|---|---|
Eurovision Song Contest 2012 | |||||
Land | Kypros | ||||
Artist(ar) | Ívi Adámou | ||||
Språk | Engelsk | ||||
Komponist(ar) | Álex Papaconstantínou, Björn Djupström, Alexandra Zakka og Viktor Svensson | ||||
Låtskrivar(ar) | Álex Papaconstantínou, Björn Djupström, Alexandra Zakka og Viktor Svensson | ||||
Resultat | |||||
Semifinalepoeng | 91 | ||||
Semifinaleplass | 7 | ||||
Finalepoeng | 65 | ||||
Finaleplass | 16 | ||||
Kypros i Eurovision Song Contest | |||||
|
«La La Love» (engelsk for La la kjærleik) er ein singel av Ívi Adámou, frå albumet San Éna Óneiro (Euro Edition).
Eurovision
[endre | endre wikiteksten]A Song for Ívi
[endre | endre wikiteksten]3. august 2011 vart Ívi Adámou vald ut internt av Cyprus Broadcasting Corporation (CyBC) til å representere Kypros i Eurovision Song Contest 2012. 25. januar 2012 song ho tre ulike songar i eit fjernsynsprogram kalla A Song for Ívi. Songen «La La Love» vann med 24 poeng og skal representere Kypros i Eurovision Song Contest 2012.
Eurovision Song Contest 2012
[endre | endre wikiteksten]Songen starta som éin av dei ni siste i den fyrste semifinalen og gjekk vidare til finalen. Her enda han på 16. plass.
EUROSONG 2013 - a MAD show
[endre | endre wikiteksten]Til EUROSONG 2013 - a MAD show, den greske uttakinga til Eurovision Song Contest 2013 i Malmö i Sverige, vart det laga ein mashup av «La La Love» og «Aphrodisiac», det greske bidraget i Eurovision Song Contest 2012.[1] Adámou framførte teksten til «La La Love», medan Elefthería Eleftheríou framførte teksten til «Aphrodisiac».[1]
Fotnotar
[endre | endre wikiteksten]- ↑ 1,0 1,1 «Eleftheria Eleftheriou & Ivi Adamou - Aphrodisiac / La La Love (Greek National Final ESC 2013)» (på engelsk). YouTube. 18. februar 2013. Henta 28. februar 2015.
Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- Denne artikkelen bygger på «La La Love» frå Wikipedia på engelsk, den 26. januar 2012.
- Poengsum er henta frå eurovision.tv, 27. mai 2012.