Lagfiskeskarv
Lagfiskeskarv | |
Lagfiskeskarv | |
Status | |
Status i verda: Livskraftig | |
Systematikk | |
Rike: | Dyr Animalia |
Rekkje: | Ryggstrengdyr Chordata |
Underrekkje: | Virveldyr Vertebrata |
Klasse: | Fuglar Aves |
Orden: | Sulefuglar Suliformes |
Familie: | Skarvefamilien Phalacrocoracidae |
Slekt: | Phalacrocorax |
Art: | Lagfiskeskarv P. sulcirostris |
Vitskapleg namn | |
Phalacrocorax sulcirostris |
Lagfiskeskarv (Phalacrocorax sulcirostris) er medlem av skarvfamilien. Han er vanleg i mindre elvar og innsjøar i dei fleste områda av Australia og nordlege New Zealand. Dei blir rundt seksti centimeter i kroppslengd, og er heilsvarte med blågrøne auge.
Skildring
[endre | endre wikiteksten]Lagfiskeskarv er ein liten skarveart som måler 60-65 cm,[1] han har svart fjørdrakt med grønskjær og skjelmønster på oversida.[2] Kjønna har lik fjørdrakt, i hekkesesongen viser dei uregelmessige, kvite fjører på hovudet og halsen, grønskjæret slår over i meir bronsefarge.[3] Det lange slanke nebbet er grått, og bein og føter svarte. Vaksne fuglar har grøn iris, juvenile brun, ungfuglar har meir brunt i fjørdrakta.[2]
Lagfiskeskarvar har utbreiing frå Malayahalvøya gjennom Indonesia, men ikkje Sumatra, vidare gjennom Ny-Guinea, inkludert D'Entrecasteaux-øyane, Salomonøyane og over heile Australia.[4] Dei lever òg på Nordøya på New Zealand.[2] Denne arten held seg alltid ved vatn,[1] helst ferskvatn, og finst i innlandet og nokre gongar i grunne kystområde.
Dietten åt lagfiskeskarvar er hovudsakleg fisk og ferskvasskreps,[2] og dei et ein høgare del av fisk enn kortnebbskarv, som et meir tifotkreps. Lagfiskeskarvar er meir sosiale enn andre skarveartar, og kan samlast i store flokkar som nokre gonger flyg i V-formasjonar.[3]
Hekkinga går føre seg ein gong i året, i det sørlege Australia om våren eller hausten, i tropiske regionar skjer det før eller etter monsunen. Reiret er ei lita plattform bygd av tørka greiner og stokkar i eit tre som står i vatn. Reiret er ofte plassert i nærleiken av andre vassfuglar, slik som andre skarvar, hegrar, ibisar eller skeistorkar. Dei legg tre til fem, typisk fire lyseblå ovale egg på 48 x 32 mm.[2] Egga er dekt med eit tynt lag av kalk, noko som gjev dei ein mattkvit utsjånad. Reiret og egga blir stadig meir farga med avføring gjennom hekkesesongen.[5]
Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- Denne artikkelen byggjer på «Little Black Cormorant» frå Wikipedia på engelsk, den 25. august 2012
Referansar
[endre | endre wikiteksten]- ↑ 1,0 1,1 «Little Black Cormorant». Australian Museum - Birds in Backyards. Henta 25. august 2012.
- ↑ 2,0 2,1 2,2 2,3 2,4 Barrie Heather og Hugh Robertson, The Field Guide to the Birds of New Zealand (revised edition), Viking, 2005
- ↑ 3,0 3,1 Parks & Wildlife Service, Tasmania Little black cormorant, Phalacrocorax sulcirostris Arkivert 2018-12-09 ved Wayback Machine. Henta 25. august 2012
- ↑ Sibley, Charles Gald; Monroe, Burt Leavelle (1990). Distribution and Taxonomy of Birds of the World. Yale University Press. s. 300. ISBN 0300049692.
- ↑ Beruldsen, Gordon (2003). Australian Birds: Their Nests and Eggs. Kenmore Hills, Qld: self. s. 191. ISBN 0-646-42798-9.
Bakgrunnsstoff
[endre | endre wikiteksten]- Videoar, bilete og lydopptak av lagfiskeskarvar hos Internet Bird Collection