Lakkolitt
Utsjånad
Lakkolitt er ein forholdsvis liten, rundaktig bergartsmasse i djupet, gjerne samansett av granitt, kvartsporfyr eller syenitt. Karakteristisk for lakkolitten er at det opphavlege magmaet har trengt seg inn mellom to lag, slik at det overliggande laget bular opp. I snitt blir difor lakkolitten forma som ein hatt med flat botn. Diameteren er vanlegvis mindre enn 16 km, og tjukkleiken varierer frå nokre hundre meter til nokre få kilometer.
Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- Lakkolitt. (14. februar 2009). I Store norske leksikon. Henta 1. desember 2013 frå http://snl.no/lakkolitt.