Leppeblomordenen
Leppeblomordenen | |
Galeopsis speciosa | |
Systematikk | |
Rike: | Planteriket Plantae |
Underrike: | Viridiplantae |
Infrarike: | Streptophyta |
Overrekkje: | Landplantar Embryophytes |
Rekkje: | Karplantar Tracheophytes |
Underrekkje: | Frøplantar Spermatophytes |
Orden: | Leppeblomordenen Lamiales Bromhead, 1838 |
Leppeblomordenen (Lamiales) er ein orden i korgplante-kladen Asteridae, som er tofrøblada blomsterplantar. Velkjende medlemmer av denne gruppa er askeslekta, sjasmin, lavendel, oliven, syrin, teak og fleire krydderplantar som basilikum, mynte og rosmarin.
Familiar
[endre | endre wikiteksten]Leppeblomordenen omfattar i APG II-systemet 22 familiar. Den tidlegare vasshårfamilien (Callitrichaceae) er her rekna som ein underfamilie av den reviderte kjempefamilien (Plantaginaceae). Familiane er:
- Akantusfamilien (Acanthaceae)
- Trompettrefamilien (Bignoniaceae)
- Byblidaceae
- Tøffelblomfamilien (Calceolariaceae)
- Carlemanniaceae
- Fagerblomstfamilien (Gesneriaceae)
- Leppeblomfamilien (Lamiaceae)
- Blærerotfamilien (Lentibulariaceae)
- Martyniaceae
- Carlemanniaceae
- Myoporaceae
- Oliventrefamilien (Oleaceae)
- Snylterotfamilien (Orobanchaceae)
- Paulowniaceae
- Sesamfamilien (Pedaliaceae)
- Gjøglarblomfamilien (Phrymaceae)
- Kjempefamilien (Plantaginaceae)
- Plocospermataceae
- Schlegeliaceae
- Brunrotfamilien (Scrophulariaceae)
- Stilbaceae
- Tetrachondraceae
- Jernurtfamilien (Verbenaceae)
Den tidlegare maskeblomfamilien, i sitt tradisjonelle omfang, var ei stor gruppe som har gått gjennom store taksonomiske endringar og reklassifiseringar. Med APG II-systemet i 2003 blei gruppa igjen kraftig endra, ved at nesten alle slektene blei overførde til anten den reviderte kjempefamilien (Plantaginaceae) eller snylterotfamilien (Orobanchaceae).
Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- Denne artikkelen bygger på «Lamiales» frå Wikipedia på bokmål, den 30. januar 2014.