Linosa
Utsjånad
Linosa er ei øy i Middelhavet og ei av dei små Pelagiske øyane, som er ein del av provinsen Agrigento i Italia. Øya ligg 205 km frå Sicilia og 113 km frå Tunisia. Ho har eit areal på 5,4 km² og om lag 420 innbyggjarar, som livnærer seg på fiske, jordbruk og turisme. Øya vart først busett på 1500-talet, då sjørøvarar nytta ho som base. Ein kan nå øya med ferje frå Porto Empedocle på Sicilia.
Det vert dyrka kapers, linser og vin på øya, og om sommaren er det noko turisme.
Linosa er i motsetnad til dei to andre øyane i øygruppa, Lampedusa og Lampione, av vulkansk opphav. Vulkanen har vore inaktiv i 2500 år. Det høgaste punktet på øya er Monte Vulcano på 195 meter over havet. Øya har fleire endemiske planteartar.
Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- Denne artikkelen bygger på «Linosa» frå Wikipedia på engelsk, den 1. november 2007.