Lintøy
Lintøy er tekstil av plantefibrar frå lin. Tøyet er særs haldbart, men produksjonen av det er arbeidskrevjande. På norsk viser «lintøy» særleg til dukar, handklede, sengeklede og liknande, som ofte er blitt laga av lin.[1]
Historie
[endre | endre wikiteksten]For rundt 8000 år sidan byrja linfrø gradvis å bli større, eit klart teikn på at dei blei dyrka. Det er funne 7500 år gamle lintekstilar frå Israel. Babylonarane, assyrarane og dei gamle egyptarane framstilte lintøy. Veggmåleri i gravkammeret i Dashur-pyramiden sør for Giza viser korleis det blei dyrka lin for 5000 år sidan. Ein har funne mumiar reiva i fint lintøy. I grava til Tutankhamon fann ein lintøy.[2] Tøyet kunne òg vera plissert, som i ein tunika frå rundt 2000 f.Kr.[3] Kvinner gjekk med ein kjole kalla kalasiris. Velståande kvinner fekk han sydd av lin som var så fint vove at det nesten var gjennomsiktig.[4]
I Sveits og Austerrike er det funne tekstilar av lin frå yngre steinalder som er rundt 5000 år gamle. I Skandinavia var lin kanskje fyrst ein matplante (det er funne linfrø i magen til danske myrlik). I Noreg fann ein lin på ein buplass i Fløksand i Meland frå 300-talet. Ein finn ellers sjeldan tøy ved arkeologiske utgravingar, ettersom linfibrar består av nær rein cellulose og lett går i oppløysing. Funna i Sveits er frå eit område med sterkt kalkhaldig jord som er eigna til å bevara cellulosehaldig materiale.[5]
Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- ↑ «lintøy» i Nynorskordboka.
- ↑ https://www.metmuseum.org/toah/works-of-art/09.184.217-.219
- ↑ «Tunic of Pleated Linen | Louvre Museum | Paris». Arkivert frå originalen 7. juli 2015. Henta 7. juli 2015.
- ↑ «Wealthy women wore kalasirises of finely woven fabric, some so thin that the dresses became transparent». fashionencyclopedia.com.
- ↑ Lin - Naturhistorisk museum
- Denne artikkelen bygger på «Linned» frå Wikipedia på dansk, den 31. oktober 2024.