Ludvig
Ludvig er eit mannsnamn av germansk opphav. Det har norsk og dansk namnedag den 25. august og svensk den 2. oktober. Andre skrivemåtar er Ludwig, Ludvik og Ludwik.
Avleiingar
[endre | endre wikiteksten]Namneforma Ludvig er nordisk. Den norrøne forma var Hlọðvér og Hloðvér. Den opphavlege germanske forma har vore Chlodovech eller Hlodwig, som var namnet på den første kristne kongen over frankarane, Ludvig den fromme. Namnet er sett saman av det gammalhøgtysk eller frankisk hluth, 'kjend', og wig, 'kamp' eller 'krig', og kan tolkast som 'vidkjend krigar'. Namnet har mange variantar, som Ludwig (tysk), Ludwik (polsk.) og Ludovico (italiensk). Det har kortformer som Loïc (bretonsk), Louis (engelsk/fransk), Lewis (engelsk), Luis (spansk), Luigi, Lucio (italiensk) og Lutz (tysk). Kvinnelege utgåver er Ludwiga, Ludovica, Ludvine, Ludivine og Louise.
Bruk
[endre | endre wikiteksten]Namnet har vore bore av atten franske kongar og ei rekkje tysk-romerske keisarar.
Namneberarar
[endre | endre wikiteksten]- Kongelege
|
- Andre:
- Ludwig Andreas von Khevenhüller (1683-1744), austerriksk feltmarskalk
- Ludvig Holberg (1684–1754), norsk-dansk forfattar
- Ludvig Harboe (1709-1783), dansk biskop
- Ludwig van Beethoven (1770–1827), tysk komponist
- Ludvig Mathias Lindeman (1812-1887), norsk komponist
- Ludvig Daae (1829–1893), norsk embetsmann, stortingsrepresentant og statsråd
- Ludwig Markus Mack (1842–1915), grunnleggjaren av Macks Ølbryggeri AS i Tromsø
- Ludwig Eduard Boltzmann (1844–1906), austerriksk fysikar
- Ludwig Quidde (1858–1941), tysk historikar, forfattar, politikar og nobels fredsprisvinnar
- Ludwik Lejzer Zamenhof (1859-1917), russisk språkforskar som fann opp Esperanto
- Ludvig Hope (1871-1954), norsk predikant
- Ludvig Karsten (1876-1926), norsk målar
- Ludwig von Mises (1881-1973), austerriksk økonom
- Ludwig Mies van der Rohe (1886-1969), tysk-amerikansk arkitekt
- Ludwig Wittgenstein (1889-1951), austerriksk-britisk filosof
- Ludvig Irgens-Jensen (1894-1969), norsk komponist
- Ludvik Svoboda (1895-1979), krigshelt og president i Tsjekkoslovakia
- Ludwig Erhard (1897-1977), tysk politikar og kanslar frå 1963 til 1966
- Ludvig Jerdal (1908-2003), norsk målmann
- Ludwig Runzheimer (1912-1946), tysk Gestapo-mann
- Ludvig Eikaas (1920-2010), norsk kunstnar
- Ludvík Vaculík (f. 1926), tsjekkisk forfattar og journalist
- Ludvig Karlsen (1935-2004), grunnleggjaren av Stiftelsen Pinsevennenes Evangeliesenter
- Ludvig Nessa (f. 1949), norsk prest og abortmotstandar
Oppdikta namneberarar
[endre | endre wikiteksten]- Piggsvinet Ludvig i historiene til Kjell Aukrust.