Lydopptak
Lydopptak er ulike måtar å lagra lydbølgjer på slik at dei kan spelast av seinare. Det finst mekaniske, elektriske, elektroniske og digitale mtodar for å gjera lydopptak. Ein skil gjerne mellom analoge og digitale opptak.
Lydopptak, historisk utvikling
[endre | endre wikiteksten]Opptak på voksrull og voksplate
[endre | endre wikiteksten]Thomas Edison fann opp fonografen i 1877, og gjorde eit opptak av seg sjølv med barnerimet «Mary had a little lamb». Dei fyrste musikkopptaka vart ikkje laga før 1887-1888. Fonografen tok opp lyd direkte gjennom ei trakt, og lyden var skriven inn på voksrull (akustisk opptak). Ein rull kunne ta om lag 2 minutt.
Elektrisk opptak frå 1925
[endre | endre wikiteksten]Eit stort gjennombrot var oppfinninga av elektrisk opptak, dvs. av mikrofonen og forsterkaren. No fekk ein betydeleg betre kvalitet og frekvensspekter. Dei fyrste elektriske musikkopptaka kom ut på markedet i 1925.
Etter andre verdskrig
[endre | endre wikiteksten]Vinyl
[endre | endre wikiteksten]Fram til krigen vart platene laga med skjellakk, ein type insektvoks importert frå India. Under krigen stoppa forsyningane opp, og ein vart nøydde til å finne ei anna løysing. Vinyl, eit plastmateriale, viste seg å ha mykje høgare kvalitet. Ein fekk mykje finare riller. Platene fekk no meir plass (long playing - LP), meir enn 20 minutt på kvar side. Men viktigare var at med vinyl forsvann skrapinga frå dei gamle voksplatene.
Magnetisk lydband
[endre | endre wikiteksten]Magnetisk lydband hadde vore i bruk sidan 1930-talet i filmindustrien. Under krigen hadde tyskarane utvikla ein type lydband med høg kvalitet, og lydband vart etter krigen standard som master for lydinnspelingar, medan ein framleis nytta LP-plater til kopiane. Kassettband kom i handelen frå 1966.
Stereo
[endre | endre wikiteksten]Stereoopptak vart vanleg frå 1954.
Digitalt lydopptak
[endre | endre wikiteksten]Digitalisering av lyd var noko ein forska på frå slutten av 1960-talet, i telefon og kringkasting. Den fyrste plateutgjevinga (på LP) som nytta ein digital master, kom i 1979. CD-plata kom til slutt i 1982, og tok over for LP-en.
Litteratur
[endre | endre wikiteksten]- Day, Timothy, A century of recorded music: Listening to Musical History, Yale University Press, 2002.