Maliføderasjonen
Utsjånad
Maliføderasjonen var ein kortliva forbundsstat (1959–1960) som omfatta dei tidlegare franske koloniane Fransk Sudan (noverande Mali), Senegal, Øvre Volta (noverande Burkina Faso) og Dahomey (noverande Benin). Modibo Keita frå Mali var president for føderasjonen, og regjeringa hadde sete i Dakar i Senegal.
Staten blei grunnlagd i januar 1959, men allereie i mars det året trekte Dahomey og Øvre Volta seg ut. Føderasjonen fekk fullt sjølvstyre 20. juni 1960. Den 20. august same året trekte Senegal seg ut etter politisk usemje. 22. september blei Republikken Mali erklært av Keita.
Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- Denne artikkelen bygger på «Fédération du Mali» frå Wikipedia på fransk, den 20. august 2009.
Litteratur
[endre | endre wikiteksten]- Sékéné Mody Cissoko, Un combat pour l'unité de l'Afrique de l'ouest : la Fédération du Mali (1959-1960), Nouvelles Éditions africaines du Sénégal, Dakar, 2005 (ISBN 2-7236-1557-X)
- Michel Fatoux, La fédération du Mali : naissance et perspectives, Faculté de Droit, 1959
- Pierre Gam, Les causes de l'éclatement de la Fédération du Mali, 1962
- Guédel Ndiaye, L'échec de la Fédération du Mali,Nouvelles Éditions africaines, 1980 (ISBN 2-7236-0217-6)