Malurt
Utsjånad
Malurt | |
Malurt | |
Systematikk | |
Rike: | Planteriket Plantae |
Orden: | Korgplanteordenen Asterales |
Familie: | Korgplantefamilien Asteraceae |
Underfamilie: | Asteroideae |
Stamme: | Anthemideae |
Understamme: | Artemisiinae |
Slekt: | Malurtslekta Artemisia |
Art: | Malurt A. absinthium |
Vitskapleg namn | |
Artemisia absinthium |
Malurt eller ekte malurt, Artemisia absinthium, er ei fleirårig urt i korgplantefamilien, som kan bli frå 40 til 150 cm høg og blomstrar med gule blomar. Han er mellom anna kjent for å vera eit av kryddera i den alkoholiske drikken absint - absinthe er òg det franske namnet på planten. Det tyske namnet, Wermutkraut, vitnar om at planten òg er brukt som krydder i den alkoholiske drikken vermut. I Noreg er malurt knytt til kulturmark på Austlandet, men veks òg sporadisk i resten av landet.[1]