Mary Pickford
Mary Pickford | |||
| |||
Fødd | 8. april 1892 | ||
---|---|---|---|
Fødestad | Toronto | ||
Død | 29. mai 1979 (87 år) | ||
Dødsstad | Santa Monica | ||
Fødenamn | Gladys Louise Smith | ||
Alias | Mary Pickford | ||
Aktive år | 1909–1949 | ||
Verka som | filmprodusent, filmskodespelar, filmregissør, manusforfattar, skribent, teaterskodespelar, skodespelar, produsent | ||
Mor | Charlotte Hennessy | ||
Far | John Charles Smith | ||
Ektefelle | Charles "Buddy" Rogers, Owen Moore, Douglas Fairbanks, Charles "Buddy" Rogers | ||
Prisar | Oscar for beste kvinnelege hovudrolle, Æres-Oscar, Canada’s Walk of Fame, Golden Boot Awards, stjerne på Hollywood Walk of Fame |
Gladys Louise Smith (8. april 1892–29. mai 1979) var ein kanadisk-amerikansk skodespelar, filmprodusent og manusforfattar kjend under kunstnarnamnet Mary Pickford.
Pickford grunnla filmselskapet United Artists i 1919, saman med Douglas Fairbanks, Charlie Chaplin og D.W. Griffith. Ho var gift med Fairbanks frå 1920 til 1936. I 1927 var Pickford òg med på å grunnleggja Academy of Motion Picture Arts and Sciences, som står bak oscarprisutdelinga.[1]
Pickford vann Oscar for beste kvinnelege hovudrolle for rolletolkinga si i dramafilmen Coquette (1929). Ho trekte seg tilbake som skodespelar i 1933. Pickford fekk ei stjerne på Hollywood Walk of Fame i 1960 og vart tildelt ein æresoscar i 1976. I 1999 vart ho kåra til den 24. største kvinnelege filmlegenda gjennom tidene av Det amerikanske filminstituttet.
I stordomstida si var Pickford kjend som «America's Sweetheart»[2][3][4] og «the girl with the curls».[5] Pickford var kjend for dei lange slangekrøllane sine, men i 1928 følgde ho moten og klippa dei av, noko som fekk amerikanske aviser til å skriva at uskuldstida var forbi.[treng kjelde]
Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- ↑ «Mary Pickford, 86, First Great Film Star, Dies Five Days After Massive Stroke». Daily Variety: 1. May 30, 1979.
- ↑ Baldwin, Douglas; Baldwin, Patricia (2000). The 1930s. Weigl. s. 12. ISBN 1-896990-64-9.
- ↑ Flom, Eric L. (2009). Silent Film Stars on the Stages of Seattle: A History of Performances by Hollywood Notables. McFarland. s. 226. ISBN 978-0-7864-3908-9.
- ↑ Sonneborn, Liz (2002). A to Z of American Women in the Performing Arts. Infobase. s. 166. ISBN 1-4381-0790-0.
- ↑ California, Women's Museum of (27. juni 2018), «The Girl With the Curls», Women’s Museum of California (på engelsk), henta 21. juli 2020
- Denne artikkelen bygger på «Mary Pickford» frå Wikipedia på bokmål, den 20. september 2018.