Hopp til innhald

Murielle Ahouré

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Murielle Ahouré


Statsborgarskap Elfenbeinskysten
Fødd 23. august 1987 (37 år)
Abidjan
Idrett friidrett
Tok del i Friidrett under Sommar-OL 2008, Friidrett under Sommer-OL 2012 – 100 meter damer, Friidrett under Sommer-OL 2012 – 200 meter damer, VM i friidrett 2013, VM i friidrett 2013, Afrikamesterskapet i friidrett 2014, Afrikamesterskapet i friidrett 2014, Afrikamesterskapet i friidrett 2016, Afrikamesterskapet i friidrett 2016, Friidrett under Sommar-OL 2016, Friidrett under Sommar-OL i 2021, Friidrett under Sommar-OL 2024

Murielle Ahouré (fødd 23. august 1987) er ein ivoriansk friidrettsutøvar som tevla på sprintdistansane. Ho var på 2010-talet ein av verdas beste 100-meterløparar, vann to VM-sølv i 2013.

Ahouré tok seg til finale både på 100 m og 200 m under Sommar-OL 2012, utan å prege løpa. Sommaren 2013 presterte ho livsbeste på 200 meter med 22,24 sekund i eit stemne i Monaco. Tre-fire veker seinare vart ho dobbel sølvmedaljør i Friidretts-VM i Moskva. Fyrst kneip ho medaljen på 100 meter med ein hundredels margin til Carmelita Jeter, deretter kneip ho sølvet på 200 m, der ho og nigerianske Blessing Okagbare på bronseplass fekk lik tid. Shelly-Ann Fraser-Pryce frå Jamaica vann begge VM-finalane.

Ahouré vart afrikameister 2014 på 200 meter i Marrakech. To år seinare vart ho afrikameister på 100 m i Durban. Like før den siste meisterskapen i juni 2016 sette ho personleg rekord med 10,78 sekund ved eit stemne i Monteverde i USA. Både i London-VM 2017 og Doha-VM 2019 kom Ahouré til kort i medaljestriden på 100 meter, i London var ho 0,02 sekund for seint ute til å ta bronsemedaljen.

Medaljar og plasseringar i internasjonale meisterskap

[endre | endre wikiteksten]