Musculus teres minor
Utsjånad
Musculus teres minor | |
---|---|
Frå baksida ser ein korleis m. teres minor (i raudt) ligg samanlikna med dei andre musklane som bind overekstremiteten til ryggsøyla. | |
Norsk namn | Den vesle runde muskelen |
Gray's | subject #123 441 |
Utspring | Den laterale skulderbladskanten, margo lateralis scapulae. |
Feste | Den store beinknuten på overarmsbeinet, tuberculum majus. |
Arterie | |
Nerve | N. axillaris frå plexus brachialis. |
Rørsle | Utoverrotasjon av overarmsbeinet, adduksjon og stabilisering av overarmen. |
Musculus teres minor (frå latin teres – «rund», minor - «liten»), på norsk somtid òg kalla den vesle runde muskelen, er ein rund og tynn skuldermuskel som går frå lateralkanten på skulderbladet til den store beinknuten på overarmsbeinet. Han er innervert av n. axillaris som kjem direkte fra armnerveflettverket plexus brachialis og utoverroterer, adduserer og stabilierer overarmsbeinet.
Han er ein av dei fire musklane i skuldermansjetten. Han er òg med på å forme den bakre aksillefolden saman med m. latissimus dorsi og m. teres major. I tillegg er han den øvste begrensinga ved det laterale og mediale aksillehòlet.
Fleire bilete
[endre | endre wikiteksten]-
M. teres minor er vist raudt i denne animasjonen.
-
Skildring av skulderleddet.
-
Skildring av skulderleddet (bakfrå).
-
Blodårene som ligg på skulderbladet. Her ser ein òg det mediale og laterale aksillehòlet som m. teres minor er med på å forme.
-
Nerveforsyninga til skulder og arm.
-
M. teres minor er vist i denne skulderdisseksjonen.