Natallja Mikhnevitsj
Natallja Mikhnevitsj | |
Verkeleg namn | Наталля Валер'еўна Міхневіч |
Statsborgarskap | Belarus |
Fødd | 25. mai 1982 (42 år) Nevinnomyssk |
Idrett | friidrett |
Tok del i | Sommar-OL 2012, Sommar-OL 2008, Sommar-OL 2004, Friidrett under Sommar-OL 2016 |
Natallja Valerjevna Mikhnevitsj (fødd Kharaneka, 25. mai 1982) er ein kviterussisk friidrettsutøvar, fødd i Nevinnomyssk i dagens Russland. Ho vann EM-gull 2006, OL-sølv 2008 og EM-sølv 2010 i kulestøyt. Sidan 2007 er ho gift med kulestøytaren Andrej Mikhnevitsj.
Aktiv
[endre | endre wikiteksten]Natallja Kharaneka vann i 2003 kulestøyt i U23-EM i polske Bydgoszcz med 17,66 meter. Ho deltok i Sommar-OL 2004 der hennar 18,96 m heldt til ein femteplass. Året etter vart ho nummer åtte under VM i Helsinki. To veker etterpå vann ho kulestøyt-tevlinga ved universiaden i Izmir med 18,86 m.
Hennar fyrste store triumf kom i friidretts-VM innandørs 2006, då kula i Moskva landa på 19,84 m. Før siste omgangen i kulestøyt-tevlinga under europameisterskapen 2006 i Göteborg leia landskvinna Nadzeja Astapsjuk med 19,42 m. I sitt siste forsøk presterte Kharaneka 19,43 m og gullmedaljen var hennar. Kort etter EM støytte ho i Padova 20,17 m og passerte 20-metersgrensa for fyrste gong.
I 2007 gifta Kharaneka seg med Andrej Mikhnevitsj og fekk barn. Sommaren 2008 støytte ho i Grodno heile 20,70 m, hennar livs lengste kulestøyt. Under sommarleikane 2008 i Beijing tok ho sølvmedaljen etter å ha nådd 20,28 m, einast newzealandske Valerie Vili støytte lengre. Også i Barcelona-EM i 2010 fekk Mikhnevitsj sølv, klart slått av Astapsjuk, som såleis fekk revansj for finaletapet i førre EM.
Doping
[endre | endre wikiteksten]Mikhnevitsj vart i april 2013 utestengd frå friidrett i to år, grunna bruk av det forbodne middelet stanozolol.
Medaljar og plasseringar i internasjonale meisterskap
[endre | endre wikiteksten]- OL 2004 i Aten: Nr 5 – 18,96 m
- VM i 2005 i Helsinki: Nr 6 – 18,34 m
- EM 2006 i Göteborg: Gullmedalje – 19,43 m, framom Nadzeja Astapsjuk (19,42 m)
- OL 2008 i Beijing: Sølvmedalje – 20,28 m, bakom Valerie Vili (20,56 m)
- VM 2009 i Berlin: Nr 4 – 19,66 m
- EM 2010 i Barcelona: Sølvmedalje – 19,53 m, bakom Nadzeja Astapsjuk (20,48 m)
- VM 2011 i Daegu: Nr 11 – 18,47 m
- OL 2012 i London: Nr 11 – 18,42 m
- VM 2015 i Beijing: Nr 8 – 18,24 m
Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- Denne artikkelen bygger på «Natallja Michnewitsch» frå Wikipedia på tysk, den 22. juli 2016.
- Denne artikkelen bygger på «Natallia Mikhnevich» frå Wikipedia på engelsk, den 22. juli 2016.
Bakgrunnsstoff
[endre | endre wikiteksten]- «Natallia Kharaneka-Mikhnevich» (på engelsk). Olympedia. Henta 13. mars 2023.
- Einskildkvinner
- Fødde i 1982
- Belarusiske kulestøytarar
- Verdsmeistrar i friidrett for Belarus
- Europameistrar i friidrett for Belarus
- Belarusiske deltakarar under sommar-OL 2004
- Friidrettsutøvarar under sommar-OL 2004
- Belarusiske deltakarar under sommar-OL 2008
- Friidrettsutøvarar under sommar-OL 2008
- Belarusiske deltakarar under sommar-OL 2012
- Friidrettsutøvarar under sommar-OL 2012
- Dopingsaker i friidrett