Operaen Eugen Onegin
Utsjånad
Opera av Pjotr Tsjajkovskij | |||
| |||
Sjanger | Opera | ||
---|---|---|---|
Periode | Romantikken | ||
Komponert | 1877-78 | ||
Urframføring | 29. mars 1879 | ||
Typisk lengd | 205 min | ||
Satsar/akter | 22 (3 akter) | ||
Libretto av | Konstantin Sjilovskij og Pjotr Tsjajkovskij | ||
Opus | 24 |
Eugen Onegin (russisk Евгений Онегин) er ein opera i tre akter av Pjotr Tsjajkovskij, basert på verseromanen med same namn av Aleksandr Pusjkin. Librettoen blei skrive av komponisten sjølv i samband med Konstantin Sjilovskij. Operaen blei komponert 1877-78 og hadde urframføring i Moskva 29. mars 1879.
Operaen blei godt mottatt i Russland, men blei sett på som ein russisk kuriositet i mange av dei europeiske byane. Den første framføringa utanfor Russland var i Praha i 1888, nesten 10 år etter at operaen blei urframført. Denne framføringa blei dirigert av Tsjakovskij sjølv. Seinare spreidde operaen seg vidare, og no blir han jamleg sett opp. Eugen Onegin er ein av dei mest kjente russiske operaane.
Roller
[endre | endre wikiteksten]- Larina - mezzosopran
- Tatjana - sopran
- Olga - alt
- Filippjevna - mezzosopran
- Lenskij - tenor
- Eugen Onegin - baryton
- Prins Gremin - bass
- Triquet - tenor
- Saretskij - bass
- Ein kommandør - bass
- Guillot, Onegins kammertenar - Talerolle
Referansar
[endre | endre wikiteksten]- Delar av denne artikkelen bygger på «Eugene Onegin (opera)» frå Wikipedia på engelsk, den 22. oktober 2014.