Pajala kommun
Pajala kommun | |||
kommune | |||
|
|||
Land | Sverige | ||
---|---|---|---|
Len | Norrbottens län | ||
Landskap | Norrbotten | ||
Del av | Norrbotten, Q61669421 | ||
Areal | 8 050 km² | ||
• land | 7 840 km² | ||
• vatn | 210 km² | ||
Folketal | 6 287[1] (2011) | ||
Pajala kommun 67°11′00″N 23°22′00″E / 67.183333333333°N 23.366666666667°E | |||
Kart som viser Pajala kommun.
| |||
Wikimedia Commons: Pajala Municipality |
Pajala kommune er ein grensekommune på svenske länet Norrbottens län i landskapet Norrbotten. Administrasjonssentereit i kommunen ligg i Pajala. Folketalen er av både samisk, finsk og svensk herkomst. Pajala grensar mot nabokommunane Kiruna, Gällivare, Överkalix og Övertorneå. I aust grensar kommunen mot Finland.
Historie
[endre | endre wikiteksten]Det som i dag er Pajala kommune har sidan dei tidlegaste tidene vore busett av reindriftarar. Dei første tornedalsfinske nybyggjarane slo seg ned i den nedre delen til kommunen på 1570-talet. Soknet og kommunen er kalla opp etter den mest framgangsrike av nybyggjarane, birkarlen Lasse Pajanen (død ca 1600). Alt tidleg på 1700-talet var innbyggjarane som levde av reindrift nesten heilt drive ut av kommunen. På midten av 1600-talet vart Kengis Bruk lagt her, noko som førte til vallonsk og svensk innvandring dei neste hundreåra. Pajala er ei tradisjonsrik kulturbygd, med ei jernverkshistorie som strekkjer seg over nesten tre hundreår.
Den tornedalske identiteten har vorte forma i møtet mellom finske, samiske og til ein viss grad svenske kulturtradisjonar. Den geografiske plasseringa har ført til at Pajala lenge har vore eit naturleg handelssentrum.
Utvikling i folketalet har ikkje gagna kommunen. I 1950 budde det drygt 15 000 personar i det som i dag er Pajala kommune, i årsskiftet 2005-2006 budde det 6798 personar i kommunen. Mykje av den gamle industrinæringa basert på jordbruk og skogbruk er nesten heilt borte, og folketalen har vorte desimert og forelda gjennom dødsfall og fråflytting. Drygt 27 % av folketalen er 65 år eller eldre, noko som er blant dei høgaste andelane i Sverige. Næringslivet i Pajala blir i dag dominert av service med kommunen som største arbeidsgjevar, noko trevareforedling og pendling til malmfeltane i Gällivare og Kiruna.
Språk
[endre | endre wikiteksten]Meänkieli og finsk har status som offisielle minoritetsspråk i kommunen, og Pajala er ein av seks svenske kommunar kor meänkieli har status som offisielt minoritetsspråk.[2]
Geografi
[endre | endre wikiteksten]Landskapet er dominert av store barskogsområde med innslag av myr.[3] Torne älv er viktigaste vassdrag i kommunen, og dannar saman med sideelva Muonio älv riksgrensa mot Finland.
Pajala kommune har flyplass med daglege ruteflygingar til Luleå.
Næringsliv
[endre | endre wikiteksten]Næringslivet i kommunen blir dominert av fleire små føretak, der ikkje minst data- og elektronikkindustrien dei seinare åra har utvikla kommunen til Norrlands svar på Silicon Valley. Gruveselskapet Northland Resources opnar eit gruveanlegg i Kaunisvaara i slutten av 2012 for å utvinne dei rike jernmalmressursane i området[4], og det er forventast at denne verksemda vil kunne gje kommunen eit økonomisk oppsving.
Tettstader
[endre | endre wikiteksten]Pajala kommune hadde fire tettstader i 2005. Folketalet i tabellen er frå 31. desember 2005.[5]
# | Tettstad | Innbyggjarar |
---|---|---|
1. | Pajala | 1 985 |
2. | Korpilombolo | 548 |
3. | Junosuando | 345 |
4. | Kangos | 278 |
Andre mindre stader i Pajala kommune
[endre | endre wikiteksten]Venskapskommunar
[endre | endre wikiteksten]- Kolari i Finland
- Målselv i Noreg
- Olenegorsk i Russland
I skjønnlitteraturen
[endre | endre wikiteksten]Handlinga i Mikael Niemi-boka Populærmusikk frå Vittula (svensk Populärmusik från Vittula) utspelar seg hovudsakleg i Pajala kommun. Vittula er eit folkeleg namn på eit villaområde i Pajala.
Folk frå Pajala
[endre | endre wikiteksten]- Charlotte Kalla (f. 1987), langrennsløpar frå Tärendö
Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- Denne artikkelen bygger på «Pajala kommune» frå Wikipedia på bokmål, den 27. juni 2012.
- Wikipedia på bokmål oppgav desse kjeldene:
- ↑ Folketalsstatistik kvartal 3 2011. Statistiska centralbyrån (30. september 2011). Besøkt 7. januar 2012.
- ↑ Det svenske Språkrådets hjemmesider, om minoritetsspråk
- ↑ Artikkel om Pajala kommune i snl.no
- ↑ The fastest greenfield mine project in the world[daud lenkje] Pressemelding frå gruveselskapet Northland Resources frå 10.01 2012
- ↑ Statistiska centralbyrån den 31 december 2005