Passord
Passord er ei samling ord eller teikn som kan brukast som identifikasjon eller til å gjeva nokon tilgang til avstengde område eller system. For at det skal verka må passordet vera kjend av to eller fleire personar eller system, og ukjend for andre.
Historisk har ein brukt passord i samband med militære og vakthald, til dømes i den romerske hæren. I moderne tid har ein særleg brukt passord i samband med elektroniske tenester, til dømes banktenester, datanettverk og mobiltelefonar
Eit passord kan bestå av teikn som tal og bokstavar. Det kan innehalda verkelege ord eller vera ei teiknsamling utan meining. Jo vanskelegare det er å gjetta kva passordet er, jo sikrare reknar ein det. På den andre sida bør passordet vera enkelt nok til å kunna hugsast slik at ein ikkje treng skriva det ned og slik gjera det mykje mindre sikkert. Det er også gjort forsøk med biletpassord.
Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- Denne artikkelen bygger på «Password» frå Wikipedia på engelsk, den 27. august 2010.
- Xiaoyuan Suo og Ying Zhu (2005), Graphical Passwords: A Survey
Bakgrunnsstoff
[endre | endre wikiteksten]- Polybios om passorddeling i den romerske hæren (engelsk, avsnitt 34)
- Forskingsmateriale om passord ved passwordresearch.com
- Graphical Passwords: A SurveyDenne dataartikkelen som har med militær å gjere, er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han.