Hopp til innhald

Paul Dirac

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Paul Adrien Maurice Dirac

FøddPaul Adrien Maurice Dirac
8. august 1902
Bristol, England
Død20. oktober 1984
Tallahassee, Florida, USA
NasjonalitetSveitsisk (til 1919)
Britisk (frå 1919)[1]
Områdeteoretisk fysikk, matematikk, kvantemekanikk, kvanteelektrodynamikk
Yrkematematikar, teoretisk fysikar, professor, fysikar, vitskapsperson, akademikar, lærar, lærar, ingeniør
InstitusjonarUniversity of Miami
Florida State University
University of Cambridge
St John's College
Alma materUniversity of Bristol
University of Cambridge
Cotham School
DoktorgradsrettleiarRalph H. Fowler
Kjend forDiraclikninga
Diracs deltafunksjon
Fermi–Dirac-statistikk
Dirac-måling
MedlemRoyal Society
Deutsche Akademie der Naturforscher Leopoldina
Det pavelege vitskapsakademiet
Det sovjetiske vitskapsakademiet
Accademia Nazionale dei Lincei
American Academy of Arts and Sciences
American Physical Society
National Academy of Sciences
Accademia delle Scienze di Torino
Indian Academy of Sciences
Chinese Physical Society
Royal Irish Academy
Royal Society of Edinburgh
Institut de France
Vitenskapsakademiet i Lisboa
Det Kongelige Danske Videnskabernes Selskab
Det franske vitskapsakademiet
ReligionAteisme

Nobelprisen

Nobelprisen i fysikk
1933

Paul Adrien Maurice Dirac (8. august 190220. oktober 1984) var ein britisk fysikar fødd i Bristol. Etter studium ved Saint John's College i Cambridge vart Dirac lucasiansk professor i matematikk ved Universitetet i Cambridge i 1932. Allereie medan han endå var student, såg han for seg ein særs elegant formalisme, som gav ei ny forklaring av kva kvantetilstandane i kvanteteorien eigenleg er, ved å identifisere dei med vektorar i eit Hilbertrom. Denne formalismen gjorde det mogleg å sameine dei to formuleringane av kvantemekanikken som fanst på dette tidspunktet, nemleg Schrödinger og de Broglies bølgjemekanikk og Heisenbergs matriseformulering.

Dirac er ein av grunnleggjarane av den relativistiske kvantemekanikken: Bølgjelikninga oppkalla etter Dirac, er den første formulering av kvanteteorien som er konsistent med relativitetsprinsippet. Med utgangspunkt i den relativistiske bølgjelikninga forutsa Dirac eksistensen av positronet, ein hypotese som seinare vart stadfesta ved oppdaginga av antimaterien.

Dirac bidrog òg til utarbeidinga av teorien for dei statistiske eigenskapane til kvantepartikler med halvtalig spinn, som vert kalla Fermi-Dirac-statistikk.

Dirac mottok saman med Erwin Schrödinger Nobelprisen i fysikk i 1933. Boka hans The Principles of Quantum mechanics (1930) er ei av dei mest grunnleggjande bøkene i kvanteteorien. Han døydde i Tallahassee i 1984.

  1. Helge S. Kragh (1990). Dirac: a scientific biography. Cambridge University Press. s. 2. 

Bakgrunnsstoff

[endre | endre wikiteksten]