Pave Aleksander VI
Pave Aleksander VI | |||
| |||
Fødd | Truleg 1. januar 1431 Xàtiva | ||
---|---|---|---|
Død | 18. august 1503 Roma |
Aleksander 6. (1. januar 1431–18. august 1503) var ein spanskfødd, katolsk kyrkjeleiar som var pave frå 1492 til 1503. Han var både på fars- og morssida av den spansk-italienske adelsætta Borgia.
Morbroren, pave Calixtus 3, skaffa Aleksander embete i kyrkja og store eigedomar. Sjølv var han ein typisk representant for samtida; handlekraftig, listig og tidvis omsynslaus. I 1494 stod han bak den langtrekkande Tordesillasavtalen. Avtalen sette ei skiljelinje i Atlanterhavet mellom Spania og Portugal sine interesseområde. Dominikanaren Girolamo Savonarola kalla Aleksander for den verste representanten for umoral i kyrkja. Paven svarte med å lyse Savonarola i bann og fekk han brent som kjettar.
Pave Aleksander 6. var far til kjende og berykta folk som Cesare og Lucrezia Borgia.
Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- «Alexander 6.» i Store norske leksikon, snl.no.