Pave Hadrian IV
Utsjånad
Hadrian IV | |||
| |||
Hadrianus IV | |||
Dåpsnamn | Nicholas Breakspear | ||
---|---|---|---|
Fødd | Om lag 1100 Hertfordshire i England | ||
Død | 1. september 1159 Anagni i Italia | ||
Vald | 4. desember 1154 | ||
Innsett | Desember 1154 | ||
Føregangar: | Anastasius IV | ||
Etterfylgjar: | Alexander III |
Hadrian IV (ca. 1100–1. september 1159), fødd Nicholas Breakspear eller Nikolaus Breakspear, var pave frå 1154 til han døydde i 1159.
Hadrian IV er den einaste briten som har vore pave. Truleg vart han fødd i Abbots Langley i Hertfordshire. Han skal ha fått si fyrste utdannning på klosterskulen St Albans (no St Albans School).
Frå 1152 til 1154 var Nicholas i Skandinavia som paveleg utsending, og organiserte opprettinga av det norske erkebispesetet i Nidaros.
Nicholas vart vald til pave den 4. desember 1154. Han tok namnet Hadrian som pave.
Hadrian krona Fredrik Barbarossa til keisar Fredrik I av det tysk-romerske riket i Peterskyrkja i Roma den 18. juni 1155.