Hopp til innhald

Pediatri

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Pediatri

Pediatri (gresk: pais = barn + iatros = lækjar) er den medisinske spesialiteten knytt til barnesjukdommar. Fagfeltet famnar vidt, og er slik ein utprega tverffagleg spesialitet. Lækjarar som spesialiserer seg i pediatri vert kalla barnelækjarar.

Det finst meir enn 700 godkjende spesialistar i pediatri i Noreg, av dei er om lag 500 i yrkesaktiv alder. Av spesialistane har om lag 100 doktorgrad.

Pediatri høyrer blant dei medisinske spesialitetane som har høgst fagleg status. Den tyske lækjaren Abraham Jacobi, som emigrerte til USA, er rekna som opphavsmannen til fagfeltet pediatri.

Bakgrunnsstoff

[endre | endre wikiteksten]