Peipus
Peipus | |||
innsjø | |||
Peipus ved landsbyen Kallaste i Estland
| |||
Land | Estland, Russland | ||
---|---|---|---|
Tilsig | Emajõgi, Velikaja | ||
Utløp | Narva | ||
Nedslagsfelt | 47 800 km² | ||
Høgd over havet | 30 moh. | ||
Areal | 3 555 km² | ||
Middeldjupn | 7 m | ||
Største djupn | 12,9 m | ||
Volum | 25 km³ | ||
Kystlengd1 | 520 km | ||
Koordinatar | |||
Øyar | Piirissaar, Kolpin, Kamenka | ||
Byar | Mustvee, Kallaste | ||
Peipus 58°40′36″N 27°29′30″E / 58.676666666667°N 27.491666666667°E | |||
Wikimedia Commons: Lake Peipus | |||
1 Kystlengd er eit unøyaktig mål som kanskje ikkje er standardisert for denne artikkelen. |
Peipus (estisk Peipsi järv, russisk Чудское озеро, Tsjudskoje ozero) er ein stor innsjø på grensa mellom Estland og Russland.[1]
Peipus er den fjerde største innsjøen i Europa, med eit areal på 3 555 km². Berre Ladoga, Onega og Vänern er større i Europa.
Sjøen har tre delar: Ein større del, kjend under namnet Peipus, ein mindre del, Pihkva/Pskov, og eit sund mellom desse, Lämmi/Tjoploje.
Peipus er ein grunn innsjø, med største djupn på 15 meter og ei middeldjupn på 7 meter. Sjøbotnen er for det meste gråfarga mudder, men er sandete i sør.[1]
Fiskelivet i sjøen er rikt, men sjøen er ureina etter utslepp i Sovjet-tida.
Elva Emajõgi munnar ut i Peipus frå Võrtsjärv i vest. I nord renn Narvaelva ut av Peipus og til havet i Finskebukta.
Sjøen er frosen rundt seks månader i året.[1] I 1242 var den islagde innsjøen åstad for Slaget ved Peipus (kjend i Russland som «slaget på isen») mellom Den tyske riddarordenen og folk frå Novgorod under Aleksandr Nevskij.
Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- ↑ 1,0 1,1 1,2 Lake Peipus. Encyclopædia Britannica online
Bakgrunnsstoff
[endre | endre wikiteksten]- livinglakes.com om Peipus og Võrtsjärv Arkivert 2005-12-14 ved Wayback Machine.
- Peipsi Infokeskus Estisk nettside med turistinformasjon