Phillis Wheatley
Phillis Wheatley | |
Statsborgarskap | USA |
Fødd | 1753 Senegal, Senegambia |
Død |
5. desember 1784 (31 år) |
Yrke | lyrikar, skribent |
Religion | Kongregasjonalistkirken |
Phillis Wheatley på Commons |
Phillis Wheatley (1753–5. desember 1784) var den fyrste publiserte afroamerikanske diktaren og forfattaren.[1] Ho var fødd i Vest-Afrika - noverande Gambia eller Senegal. Då ho var sju år gammal blei ho røva som slave, frakta over Atlanterhavet på slaveskip og kjøpt av familien Wheatley i Boston. Her lærte ho å lesa og skriva, og blei oppmuntra til å skriva poesi.
Utgjevinga i 1773 av Wheatley si diktsamling Poems on Various Subjects, Religious and Moral gjorde henne kjend. Framståande personar som George Washington rosa tekstane hennar, i hans tilfelle særleg det rosande dikta om han sjølv. Wheatley reiste òg til England for eit besøk på fem veker, i lag med sonen til slaveeigaren sin. Ho blir omtalt i eit dikt av Jupiter Hammon, ein annan afroamerikansk diktar. Wheatley blei sett fri av eigarane sine etter at ho hadde fått suksess med dikta sine, og etter at eigaren hennar hadde døydd.[2] Kort tid etter gifta ho seg, men både ho og ektemaken blei sett i gjeldsfengsel i 1784, og Wheatley levde deretter i fattigdom. Ho døydde av sjukdom ved slutten av 1784.
Tidleg liv
[endre | endre wikiteksten]Sjølv om datoen og staden for fødestaden hennar ikkje er tilfredsstillande dokumentert går ein ut frå at Phillis Wheatley blei fødd i 1753 ein stad i Vest-Afrika, mest sannsynleg i dagens Gambia.[3] Ho blei frakta til Massachusetts på slaveskipet The Phillis, som hadde Timothy Finch som eigar og Peter Gwinn som kaptein.[4] Ho kom til Boston den 11. juli 1761.[5]
Då ho var åtte blei ho selt til ein rik handelsmann og skreddar i Boston, John Wheatley. Han kjøpte henne som tenar til kona si Susanna. Dei kalla jenta for Phillis, etter slaveskipet, og ho fekk etternamn etter eigaren sin slik skikken var.
Phillis byrja utdanninga si ved å få undervising frå den atten år gamle dottera til Wheatley, Mary. John Wheatley, som var kjent som framskrittsvennleg over heile New England, og resten av den opensinna Wheatley-familien lét Phillis få ei utdanning som var eineståande på den tida, ikkje berre for ein slave, men òg for ei kvinne uansett etnisitet og sosial klasse. Då ho var tolv var Phillis allereie i stand til å lesa klassikarane på gresk og latin, og vanskelege avsnitt frå Bibelen. Ovundra over den litterære dugleiken hennar gjorde familien Wheatley utdanninga hennar til ei viktig interesse, og overlét hushaldsarbeidet til andre slavar i familien. Påverka av verka til Alexander Pope, John Milton, Homer, Horatius og Vergil, byrja studia hennar å krinsa mot eiga dikting.
Seinare liv
[endre | endre wikiteksten]I 1773 blei Phillis Wheatley send til London saman med Nathaniel Wheatley for at det skulle ha ein positiv effekt på helsa hennar. Under besøket hadde ho audiens med Lord Mayor of London (eit besøk hos kong Georg III var planlagd, men Phillis drog heim før dette skjedde), og andre viktige medlemmar av det britiske samfunn. Ei samling av dikta hennar blei gjeven ut i London medan ho var der. Wheatley blei sett fri frå slaveriet, men ikkje gjeven dei fulle rettane til ei fri kvinne før den 18. oktober 1773.
I 1775 gav ho ut eit dikt som feira og smigra George Washington, kalla «To His Excellency George Washington». I 1776 blei ho invitert av Washington til heimen hans som takk for diktet, og Thomas Paine gav det ut i Pennsylvania Gazette grunna besøket hennar. Medan Wheatley støtta den amerikanske revolusjonen, kom krigen til å bli skadeleg for utgjevinga av dikta hennar, sidan lesarane var blitt feia vekk i sinnet til krigen. Det var ikkje lenger ei tid for poesi.
I 1778 var Wheatley juridisk fri frå slaveriet under John Wheatley. Tre månader seinare gifta ho seg med John Peters, ein fri svart kolonialhandlar. Ekteskapet var ustabilt, paret hadde dårlege levevilkår og to av borna deira døydde som små. Wheatley var ikkje i stand til å få utgjeve eit nytt bind av dikta sine grunna finansielle omstende, tapet av støttespelarar etter at ho var blitt fri, og grunna revolusjonskrigen.
John Peters blei sett i gjeldsfengsel i 1784, og etterlét seg ei pengelens kone med eit sjukt, nyfødt barn. Wheatley klarte å skaffa seg arbeid som vaskehjelp ved eit pensjonat, og var nøydd til å utføra tungt arbeid ho tidlegare hadde sloppe unna som slave. Wheatley døydde åleine den 5. desember 1784, berre 31 år gammal. Den vesle sonen hennar døydde tre og ein halv time etter henne.
Poesi
[endre | endre wikiteksten]I 1768 skreiv Wheatley dikta «To the King's Most Excellent Majesty», der ho roste Georg III for å ha gjenopptatt skatteloven (Stamp Act).[2] Etter kvart som den amerikanske revolusjonen byrja å utvikla seg til amerikansk fordel, vende diktinga hennar seg likevel til tema som blei sett frå synsvinkelen til kolonialistane.
I 1770 skreiv Wheatley ein poetisk hyllest til George Whitefield som vekte stor beundring. Diktinga til Wheatley krinsa i stor grad rundt kristne tema, og mange av dikta var tileigna berømte personlegdommar. Over ein tredel består av elegiar, resten handlar om religiøse, klassiske og abstrakte emne.[6] Berre svært sjeldan nemner ho sin eigen situasjon i dikta sine. Eit av dei som refererer til slaveri er «On being brought from Africa to America»:
- Twas mercy brought me from my Pagan land,
- Taught my benighted soul to understand
- That there's a God, that there's a Saviour too:
- Once I redemption neither sought nor knew.
- Some view our sable race with scornful eye,
- «Their colour is a diabolic dye.»
- Remember, Christians, Negroes, black as Cain,
- May be refin'd, and join th' angelic train.
Mange kvite amerikanarar fann det vanskeleg å tru at ei afrikansk kvinne kunne skriva poesi, og Wheatley måtte forsvara den litterære dugleiken sin i retten i 1772.[7][8] Ho blei forhøyrd av ei gruppe opplyste borgarar i Boston, blant dei John Erving, prost Charles Chauncey, John Hancock, Thomas Hutchinson, guvernøren av Massachusetts, og løytnantguvernøren hans Andrew Oliver. Dei konkluderte med at ho hadde skrive dikta som var tilskrivne henne, og signerte ein attest som blei publisert i forordet av boka hennar Poems on Various Subjects, Religious and Moral som kom ut i Aldgate i London i 1773. Boka blei gjeven ut i London ettersom utgjevarane i Boston hadde avslått å gje ut dikta. Wheatley og sonen til eigaren hennar, Nathanial Wheatley, drog til London, der Selina Hastings, grevinne av Huntingdon og jarlen av Dartmouth bidrog til utgivinga.
I 1778 skreiv den afroamerikanske poeten Jupiter Hammon ein ode til Wheatley. Hammon nemner aldri seg sjølv i diktet, men valet av Wheatley som subjekt syner at han anerkjende dei felles banda og tilknytinga deira.
Stil, struktur og påverknader
[endre | endre wikiteksten]Wheatley skreiv om kva ho kjende eller hadde erfart. Ho meinte at krafta til poesien var umåteleg.[9] John C. Shields noterte at poesien som forma kunnskapen hennar ikkje berre var gjennomgangen til ein litterat av kva ho hadde lese, men hadde tyding for dei personlege tankane og førestillingane hennar. Shields skreiv at «Wheatley hadde meir på sinnet enn berre konformitet. Det vil bli vist seinare at allusjonane hennar til solguden og gudinna for daggryet, alltid opptrer som om dei var i nær samanheng med søkinga hennar for poetisk inspirasjon, er av sentral tyding for henne.»[10]
Diktet hennar «Ode to Neptune» uttrykker til dømes livet hennar på mange vis. Språket i diktet byrjar ustøtt og kaotisk, men stemninga er dristig, om enn skremmande (kanskje ein refleksjon av hennar eigne erfaringar). Mot slutten av diktet synest språket og haldninga å vekka ei kjensle av roleg og fredfylt reise som tente stor tyding. Dette diktet er arrangert i tre vers på fire linjer kvar i jambisk tetrameter følgd av ein konkluderande tetrameter i jambisk pentameter. Rimskjemaet er ababcc.[9] Strukturen eller poesiforma hennar avbildar tona til skrivinga og kva lesaren viser å få frå diktet i både litterær tyding og i ein historisk analyse
Wheatley er kjend for å ha brukt tre ulike element for gjera poesien sin meningsfull: Kristendom, klassisisme og hierofantisk soldyrking.[11] Soldyrkinga kan ho ha hatt med seg frå Afrika. Der dyrka ein solgudar, og foreldra hennar skal ha vore soldyrkarar. Ho viser til sola fleire stader med ulike poetiske vendingar. Ordet «Aurora »opptrer åtte gonger, «Apollon» sju, «Phoebus» tolv, og «Sola» to gonger.[12] Ordet «lys» er også av stor tyding for henne. Det viktige i tekstane hennar er at det alluderer til fortida som ho la seg bak seg, men ved å attskapa desse erfaringane for lesaren gir tekstane hennar ein emosjonell appell som fangar lesaren inn.
Anerkjenning og arv
[endre | endre wikiteksten]Med utgivinga i 1774 av Wheatley si bok Poems on Various Subjects blei ho «den best kjende afrikanaren på jordas overflate.» Voltaire hevda i eit brev til ein venn at Wheatley hadde vist at svarte folk kunne skriva poesi.[13] John Paul Jones spurde ein medoffiser om han kunne avlevera ein del av dei personlege skriftene hans til «Phillis den afrikanske yndlingen til Dei ni (musene) og Apollon».[13] Ho blei òg som kjent æra av George Washington og andre av dei amerikanske grunnlovsfedrane.
Wheatley si bok er i dag sett på ein av grunnsteinane for afroamerikansk litteratur.[14] Ho er rekna som den fyrste afroamerikanske kvinna som gav ut ei bok, og den fyrste som levde av skrivinga si.[15] Det er ein bygning som ærer henne ved Universitetet i Massachusetts i Boston.
I 2002 tok forskaren Molefi Kete Asante henne med på ei liste over dei hundre fremste afroamerikanarane.[16]
Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- ↑ Gates, Henry Louis (2003): Phillis Wheatley: America's second Black Poet and Her Encounters with the Founding Fathers, Basic Civitas Books, s. 5.
- ↑ 2,0 2,1 Smith, Hilda L. (2000): Women's Political and Social Thought: An Anthology Indiana University Press, s. 123.
- ↑ Carretta, Vincent (2001): Complete Writings by Phillis Wheatley. Penguin Books; New York, New York.
- ↑ Doak, Robin S. (2007): Phillis Wheatley: Slave and Poet. Minneapolis: Compass Point Books.
- ↑ Odell, Margaretta M. (1834): Memoir and Poems of Phillis Wheatley, a Native African and a Slave. Boston: Geo. W. Light.
- ↑ Phillis Wheatley-side, kommentarer til Poems on Various Subjects, Religious and Moral
- ↑ Gates, Henry Louis & Appiah, Anthony (1999): Africana: The Encyclopedia of the African and African American Experience, Basic Civitas Books, s. 1171.
- ↑ Cashmore, Ellis (25. april 1997), anmeldelse av The Norton Anthology of African-American Literature, Nellie Y. McKay & Henry Louis Gates, red., New Statesman.
- ↑ 9,0 9,1 Shields, John C. (1980): «Phillis Wheatley's Use of Classicism», American Literature 52.1: 97-111, s. 101.
- ↑ Shields, John C. (1980): «Phillis Wheatley's Use of Classicism» American Literature 52.1: 97-111, s. 100.
- ↑ Hierofant (av hiero- og gresk «vise»), han som viser det hellige
- ↑ Shields, John C. (1980): «Phillis Wheatley's Use of Classicism» American Literature 52.1: 97-111. 2. november 2009., s. 103.
- ↑ 13,0 13,1 Gates, Henry Louis: The Trials of Phillis Wheatley: America's First Black Poet and Her Encounters with the Founding Fathers, Basic Civitas Books, s. 33.
- ↑ Gates, Henry Louis: The Trials of Phillis Wheatley: America's First Black Poet and Her Encounters with the Founding Fathers, Basic Civitas Books, 2003, s. 5.
- ↑ Phillis Wheatley, Women in History
- ↑ Asante, Molefi Kete (2002): 100 Greatest African Americans: A Biographical Encyclopedia. Amherst, New York. Prometheus Books. ISBN 1-57392-963-8.
- Denne artikkelen bygger på «Phillis Wheatley» frå Wikipedia på bokmål, den 17. mars 2022.
Bibliogafi
[endre | endre wikiteksten]- Memoir and Poems of Phillis Wheatley, a Native African and Slave (Boston: Published by Geo. W. Light, 1834), også ved Margaretta Matilda Odell
Litteratur
[endre | endre wikiteksten]- Gates, Henry Louis (2003): The Trials of Phillis Wheatley: America's First Black Poet and Her Encounters With the Founding Fathers Basic Civitas Books
- Abcarian, Richard & Marvin Klotz (2006): «Phillis Wheatley» i: Literature: The Human Experience, 9th edition. New York: Bedford/St. Martin's: 1606.
- Shockley, Ann Allen (1989): Afro-American Women Writers 1746-1933: An Anthology and Critical Guide, New Haven, Connecticut: Meridian Books. ISBN 0-452-00981-2
Bakgrunnsstoff
[endre | endre wikiteksten]- Verk av Phillis Wheatley på Project Gutenberg
- Memoir and Poems of Phillis Wheatley, a Native African and a Slave. Boston: Published by Geo. W. Light, 1834.
- Phillis Wheatley ved Curlie
- Nettside hos JMU med hennes dikt
- Jupiter Hammons dikt til Phillis Wheatley
- Phillis Wheatley biography hos Poets.org
- Power Writers (arkivert nettside)
- A Geo-Biography of Phillis Wheatley hos Google Earth Arkivert 2008-06-10 ved Wayback Machine.
- Phillis Wheatley: Precursor of American Abolitionism
- Phillis Wheatley, Slave Poet of Colonial America: a story of her life
- Phillis Wheatley[daud lenkje]
- The African American Registry (arkivert nettside)
- Phillis Wheatley
- History in Woman – Phillis Wheatley
- «Poems on Various Subjects», fulltekst søk online i bibliotekene hos Universitetet i Sør-Carolina