Pressure av The Kinks
Pressure Singel av The Kinks frå albumet Low Budget | ||
B-side |
«National Health» (Storbritannia) | |
---|---|---|
Utgjeve | 30. november 1979 (Storbritannia) | |
Innspelt | Januar - juni 1979 | |
Sjanger | Rock, hardrock | |
Lengd | 2:27 | |
Selskap | Arista | |
Låtskrivar(ar) | Ray Davies | |
Produsent | Ray Davies | |
The Kinks-kronologi | ||
«Moving Pictures» (1979) |
Pressure | «Better Things» (1981)
|
«Pressure» er ein song av The Kinks på albumet Low Budget frå 1979. Songen vart skriven av Ray Davies.
Tekst og musikk
[endre | endre wikiteksten]Teksten handlar om at songaren har «press på seg» og at det er «smittsamt». Han forklarer så korleis og kvar du kan få det. Han seier så at han gløymer presset når han er med kjærasten sin.
Songen er ein rask hardrocksong med kall- og svar-vokal. Songen vart populær på konsertane til The Kinks på denne tida.
Utgjeving
[endre | endre wikiteksten]«Pressure» vart gjeven ut på singel i Storbritannia og Frankrike seint i 1979. I Storbritannia kom han med B-sida «National Health» og i Frankrike med «A Gallon of Gas». Det var den siste singelen frå albumet. Han selde for dårleg til å nå singellistene i desse landa. Eit år seinare kom songen ut på konsertalbumet One for the Road. Denne versjonen vart spelt inn i Providence Civic Center i Providence i Rhode Island den 23. september 1979.
Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- Denne artikkelen bygger på «Pressure (The Kinks song)» frå Wikipedia på engelsk, den 27. april 2018.
- Wikipedia på engelsk oppgav desse kjeldene: