Hopp til innhald

Puffa ris

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Puffa ris
Puffa ris til sals på Ulsoor Market i Bangalore.

Puffa ris er ein puffa korntype laga av puffa riskorn.

Ein vanleg metode for å puffa ris er å varma han opp under trykk saman med damp, og deretter la risen tørka, men det finst mange ulike teknikkar. Nokre gjev sprø puffa riskorn, andre gjev seigare korn.[1] Puffa ris er kjend frå Sør-Asia, og blir ofte brukt til frukostblandingar og søtsaker. Han er vanleg i ulike rettar og gatemat i India, Bangladesh og Nepal, i tillegg til i Korea.

At puffa ris er populært i den vestlege verda blir vanlegvis tilskrive den amerikanske botanikaren Alexander P. Anderson, som fann opp ein puffemetode då han skulle finna mengda væske i stive. Han introduserte den første rispuffemaskinen i 1904 på verdsutstillinga i Saint Louis.[2]

Puffa ris blir mellom anna brukt i riskaker, rissjokolade og frukostblandingar.

  1. «What is a Rice Krispy? What is it made out of and how do they make it?». howstuffworks.com. Henta 19. januar 2019. 
  2. Frederick L. Johnson (2012) http://www.mnopedia.org/person/anderson-alexander-p-1862-1943 Anderson Alexander P (1862-1943), <[http: //www.mnopedia.org www.mnopedia.org]>, les 2019-01-19