Raúl Alfonsín
Raúl Alfonsín | |||
| |||
Fødd | 12. mars 1927 Chascomús | ||
---|---|---|---|
Død | 31. mars 2009 (82 år) | ||
Statsborgar av | Argentina | ||
Yrke | advokat, politikar | ||
Utdanna ved | Universidad de Buenos Aires Universidad Nacional de La Plata | ||
Ektefelle | María Lorenza Barreneche | ||
Barn | Ricardo Alfonsín | ||
Verv | Argentinsk president 1983–1989 | ||
Føregangar | Reynaldo Bignone | ||
Etterfylgjar | Carlos Menem | ||
Alle verv | |||
Signatur |
Raúl Ricardo Alfonsín (12. mars 1927–31. mars 2009) var ein argentinsk advokat, politikar og statsmann som var president i Argentina frå 10. desember 1983 til 8. juli 1989.
Liv og gjerning
[endre | endre wikiteksten]Alfonsín var fødd i Chascomús i Buenos Aires-provinsen. Han studerte jus ved Nasjonal-universitetet i La Plata og vart ferdig utdanna advokat ved Universitetet i Buenos Aires. Ved den tid melde han seg inn i det sosial-liberale sentrumspartiet (UCR). Då partiet vart splitta fylgde han fraksjonen leidd av Ricardo Balbín.
År 1958 vart Alfonsín vald inn i provins-forsamlinga i Buenos Aires-provinsen. Frå 1963, til statskuppet sommaren 1966, var han medlem av det argentinske parlamentet. Paramentsmedlem på ny 1973-76. Under Skitne-krigen, 1974-83, tok han avstand både frå juntastyret og dei som dreiv væpna kamp mot juntaen. Fleire gongar kom han då som parlamentsmedlem med framlegg om rettferd for ofra for hemmeleg fengsling. I tillegg fordømde han ugjerningar til militærdiktatur i andre land, og tok avstand frå begge dei stridande partane i Falklandskrigen.
President
[endre | endre wikiteksten]Etter Balbín døydde i 1981, tok Alfonsín over leiarvervet i UCR. Ved presidentvalet i 1983 vann han 336 av dei 583 valmannsrøystene. Som president gjorde han framlegg i parlamentet om å oppheve den sjølvamnestilova militærstyret hadde vedteke i junta-tida. Etter lovvedtak i parlamentet, sette han ned ein nasjonal kommisjon som skulle undersøke praksisen med hemmeleg fengsling, og etterforske lovbrot som militære måtte ha gjort seg skuldig i. Kommisjons-funna førte til junta-rettssaka og straff av leiarar for det tidlegare regimet. Etter det såkalla Carapintadas-mytteriet i det militære i 1986, søkte Alfonsín å roe dei militære gjennom to lover som i praksis avslutta prosessane mot juntafolk.
I 1984 løyste Alfonsín den nær hundreårige såkalla Beagle-konflikten, grensedraginga mellom Argentina og Chile i sør. Handelen med grannelandet Brasil auka i hans presidenttid, og den fyrste skilsmisselova i Argentina vart vedteken. Gjennom presidentperioden låg han jamnt i konflikt med fagforeiningane, som var kontrollerte av det leiande opposisjonspartiet, Justispartiet. Planar og tiltak som var meint å skulle betre den nasjonale økonomien, slo feil. I staden forverra dei den allereie høge inflasjonen, noko som resulterte i bråk og oppstyr mellom folk.
Etter presidentåra
[endre | endre wikiteksten]Alfonsín stilte ikkje til attval i 1989, og presidentkandidaten til UCR tapte valet. Sjølv heldt han fram som leiar av UCR til 1991, noko han også var i toårsbolkane 1993-95 og 1999-2001. I 1993 tok han initiativet til Olivos-avtalen med dåverande president Carlos Menem, ein avtale som som la grunnen til at delar av den argentinske grunnlova vart endra i 1994. Partifellen Fernando de la Rúa i UCR var mot Olivos-avtalen og var partileiar og frå 1999 president i Argentina. Han trekte seg frå posisjonen allereie i desember 2001, då folk var i opprør. Ein parlamentsfraksjon i UCR, med Alfonsín i spissen, valde då å støtte utpeikinga av peronisten Eduardo Duhalde til ny argentinsk president.
Alfonsín døydde av lungekreft i 2009, og fekk ei stor statsgravferd.
Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- Denne artikkelen bygger på «Raúl Alfonsín» frå Wikipedia på engelsk, den 1. april 2017.