Rasjid Nurgalijev
Utsjånad
Rasjid Nurgalijev | |||
| |||
Fødd | Рашид Гумарович Нургалиев 8. oktober 1956 (68 år) Zhitikara | ||
---|---|---|---|
Statsborgar av | Sovjetunionen, Russland | ||
Parti | Sameint Russland | ||
Yrke | politikar, samfunnsøkonom | ||
Institusjonar | KGB Federal Counterintelligence Service FSB | ||
Utdanna ved | Statsuniversitetet i Petrozavodsk National Security Academy of the Republic of Belarus | ||
Alle verv |
Rasjid Gumarovitsj Nurgalijev (fødd 8. oktober 1956) er ein russisk politikar og general-oberst. Han var innanriksminister i Russland frå 2004 til 2012.
Nurgalijev vart fødd i Zjetygare (kas. Джетыгара) i Kasakhstan og gjekk på skule i Karelia. I 1979 vart han uteksaminert frå universitetet i Petrozavodsk med ein høgare grad i økonomi. Etter å ha jobba som lærar gjekk han inn i KGB i Karelia i 1981. Karrieren hans i etterretningstenesta nådde eit høgdepunkt då han vart ein visedirektør for FSB i 2000. I 2002 vart han viseinnanriksminister, og 2. januar 2004 innanriksminister i den russiske føderasjonen. Han er gift og har to born.