Ratko Mladić
Ratko Mladić | |||
| |||
Fødd | 12. mars 1943 | ||
---|---|---|---|
Fødestad | Božanovići | ||
Rang | Generaloberst, general | ||
Eining | Den jugoslaviske folkehæren, Hæren til Republika Srpska | ||
Konfliktar | Kroatiakrigen, Brakkeslaget, Omleiringa av Sarajevo, Operasjon Lukavac 93, Srebrenica-massakren |
Ratko Mladic (fødd 12. mars 1942 i Kalinovik i Bosnia) er ein serbisk domfelt krigsforbrytar som var generaloberst og øvstkommanderende for den bosnisk-serbiske hæren under borgarkrigen 1992–95.
Mladić leia dei bosnisk-serbiske styrkane i omleiringa av Sarajevo frå 1992 til 1995, og ved Srebrenica-massakren i 1995. Etter desse handlingane blei han ettersøkt av NATO, og etter kvart også av Det internasjonale krigsforbrytertribunalet for det tidlegare Jugoslavia (Jugoslavia-tribunalet). Han levde fram til 2002 i Beograd, verna av Serbia, medan Slobodan Milošević var statsleiar. Deretter gjekk han under jorda, men blei arrestert av serbisk politi i 2011, etter nesten 16 år på flukt. I 2017 blei han dømd til livstid i fengsel for folkemord, krigsbrotsverk og brotsverk mot menneskja.
Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- War crime suspect Ratko Mladic arrested, rt.com, 26 May, 2011, 14:55
- Denne artikkelen bygger på «Ratko Mladić» frå Wikipedia på bokmål, den 8. februar 2022.