Regionen Makedonia
Utsjånad
Makedonia er ein geografisk og historisk region på Balkan i det søraustlege Europa. Grensene vert rekna å ha endra seg over tid, men vert i dag som region rekna for å ligge i seks land på Balkan: heile Nord-Makedonia, monalege delar av Hellas og Bulgaria og mindre delar av Albania, Serbia og Kosovo. Regionen dekkjer om lag 67 000 km² og har ein folkesetnad på 4,76 millionar.
Den eldste kjende busetnaden i regionen går tilbake om lag 9 000 år. Frå midten av 300-talet fvt. var kongedømet Makedonia ei dominerande makt i Hellas og naboområda. Sidan den gong har Makedonia hatt ei mangfaldig historie.
Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- Denne artikkelen bygger på «Macedonia (region)» frå Wikipedia på engelsk, den 26. desember 2011.