Hopp til innhald

Rubens Barrichello

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Rubens Barrichello

Rubens Barrichello medan han køyrde for Scuderia Ferrari i 2002
Nasjonalitet Brasil Brasil
Nummer på bilen 8
Køyrer for Honda Racing F1 Team
Formel 1-karriere
Antall løp 247 (243 startar)
Vunne meisterskap 0
Sigrar 9
Pallplasseringar 61
Pole position 13
Karriere-poeng
Raskaste runde 15
Første løp Sør Afrika Grand Prix 1993
Første siger Tyskland Grand Prix 2000

Rubens Gonçalves Barrichello (fødd 23. mai 1972) er ein brasiliansk formel 1-førar. Då Michael Schumacher gav seg i 2006, vart Barichello den formel 1-føraren med mest erfaring i startfeltet og den einaste gjenverande formel 1-føraren som har køyrt mot Ayrton Senna. Frå 2006 sesongen har Barichello køyrt for Honda Racing.

Barichello var eit særs lovande talent som ung og vann fem go-kart-titlar i Brasil før han reiste til Europa for å køyre Fomel Lotus i 1990. I hans første år i serien vann han meisterskapen, noko han gjentok alt året etter i Formel 3, då han slo ein ung brite med namnet David Coulthard. Alt som 19-åring var han i nærleiken av å komme med i Formel 1-sirkuset, men valde Formel 3000 i staden. Her vart det ingen tittel, men ein solid tredjeplass gjorde at han kom inn på Formel 1-laget Jordan for 1993 sesongen.

Rubens Barrichello under kvalifiseringa til USA Grand Prix 2005

Barrichello har køyrt formel 1 sidan 1993. Seks sesongar køyrte han for Ferrari og var då stallkamerat med Michael Schumacher som var førsteførar. Dette førte til at Barrichello ofte hamna bak. Barrichello har vunne nokre få laup men han har oftare passert mål som nummer to eller tre. Likevel var det Rubens Barrichello som vann det første formel 1-laupet i Kina året 2004.

Sesongen 2004 enda Barrichello som nummer to samanlagt etter stallkameraten Michael Schumacher. Sesongen 2005, som var deira siste sesong saman i Ferrari, enda Schumacher på ein tredjeplass medan brasilianaren kom på åttande plass.

Barrichello køyrte for Honda i 2007-sesongen.

Bakgrunnsstoff

[endre | endre wikiteksten]
Wikimedia Commons har multimedia som gjeld: Rubens Barrichello


Konstruktørar og førarar som konkurrerer i Formel 1 meisterskapen i 2024
Italia Ferrari Sveits Kick Sauber Frankrike Alpine Storbritannia Williams  Red Bull Italia RB Tyskland Mercedes Storbritannia Aston Martin Storbritannia McLaren
16 MonacoCharles Leclerc
55 SpaniaSainz
USASargeant
23 Albon
ArgentinaColapinto
NederlandVerstappen
11 MexicoPérez
44 Storbritannia Hamilton
63 Storbritannia Russell
14 Spania Alonso
18  Stroll
Storbritannia Norris
63 Australia Piastri
Spire Denne idrettsartikkelen er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han.