Rudolf Mössbauer
Utsjånad
Rudolf Mössbauer (31. januar 1929–14. september 2011) var ein tysk fysikar. Han vart tildelt Nobelprisen i fysikk i 1961 for oppdaginga si av Mössbauer-effekten i 1957. Prisen delte han med Robert Hofstadter som fekk han for andre oppdagingar.
Frå 1955 til 1957 var han stipendiat ved Max Planck-instituttet i Heidelberg og frå 1958 til 1960 var han i München. Han var professor ved California Institute of Technology i tidsrommet 1961-1964 og ved den tekniske høgskulen i München frå 1964.
Han har sidan vist korleis Mössbauer-effekten kan nyttast ved studium av atom- og kjernestrukturar og innan faststoffysikk og kjemi.
Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- Denne artikkelen bygger på «Rudolf Mössbauer» frå Wikipedia på bokmål, den 22. februar 2012.
- Rudolf Ludwig Mössbauer. (27.02.2013) I Store norske leksikon. Henta frå: http://snl.no/Rudolf_ludwig_m%C3%B6ssbauer
Kategoriar:
- Einskildmenn
- Fødde i 1929
- Døde i 2011
- Tyske fysikarar
- Tyske nobelprisvinnarar
- Nobelprisen i fysikk
- Bayerischer Maximiliansorden für Wissenschaft und Kunst
- Fysikarar på 1900-talet
- Albert Einstein-medaljen
- Eksperimentelle fysikarar
- Tyske kjernefysikarar
- Folk frå München
- Pour le Mérite
- Medlemmar av United States National Academy of Sciences
- Medlemmar av Det pavelege vitskapsakademiet
- Medlemmar av Det sovjetiske vitskapsakademiet
- Medlemmar av Det russiske vitskapsakademiet