Hopp til innhald

Sakristi

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Sakristiet i Sankt Martins kyrkje i Gennep i Limburg i Nederland. Ein messehakel er lagt fram til bruk.

Sakristi, frå latin sacristia, «som har å gjere med dei heilage gjenstandane», er eit særsskilt rom i ei kyrkje for å take vare på altarbøker, heilage kar og liknande, og for at presten skal ha eit rom for å kle seg i kyrkjeleg skrud og førebu seg til dei rituelle gjeremåla. Difor ligg sakristiet attmed koret i kyrkja. I tidlegare tider vart eit sakristi gjerne kalla skrudhus.

Sakristiet kan òg nyttast til kyrkjelege handlingar som ikkje treng å gå føre seg i sjølve kyrkja.

Bakgrunnsstoff

[endre | endre wikiteksten]
Commons har multimedium som gjeld: Sakristi