Sara Eva Johnsen
Sara Eva Johnsen | |
Statsborgarskap | Noreg |
Fødd | 4. mars 1970 (54 år) Nes kommune, Oslo |
Yrke | filmregissør, manusforfattar, filmmanuskriptforfatter, skribent |
Sara Eva Johnsen (fødd 4. mars 1970 i Oslo) er ein norsk filmregissør og forfattar frå Nes i Ådal.
Ho har utdanning innan litteraturvitskap og media, og tok deretter utdanning frå regilinja på Den norske filmskolen i åra 1997 til 2000.
Johnsen er utdanna filmregissør. Ho debuterte som langfilmregissør i 2005 med den kritikarroste Vinterkyss, norsk kandidat til Oscar og Nordisk Råds filmpris same år.
Den siste filmen hennar er Upperdog som hadde premiere i august 2009. Upperdog hadde eit totalbudsjett på 19 millionar kroner. Upperdog vart kåra til beste norske kinofilm på utdelinga av Amandaprisen i 2010. I tillegg vann Johnsen Amandaprisen for beste regi, av nettopp Upperdog. I alt vart fem prisar vunne av filmen i ulike sjangrar dette året.
Filmografi
[endre | endre wikiteksten]- Upperdog – regissør, manus (2009)
- Vinterkyss – regissør, manus (2005)
- Gutten i snøen – regissør (2005)
- Folk flest bor i Kina - Grenseløs kjærlighet – regissør (2002)
- Houdinis hund – regissør, manus (2002)
- Himmelstormeren – regissør (2000)
- Hormoner og andre demoner – regissør (2000)
Bibliografi
[endre | endre wikiteksten]- Han vet om noe hun kan prøve – noveller (2004)
- White man – roman (2008)
Prisar
[endre | endre wikiteksten]- Norsk Filmkritikerlag sin pris for beste kortfilm, for Himmelstormeren
- Kanonprisen som beste regissør (Kosmorama) 2006, for Vinterkyss
- Kanonprisen for beste manus (Kosmorama) 2006, for Vinterkyss
- Filmkritikerprisen 2006, for regi Vinterkyss
- Filmkritikerprisen 2010, for regi Upperdog
- Fritt Ords honnør, saman med Pål Sletaune for TV-serien 22. juli.
Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- Omsett frå Wikipedia på bokmål, innhenta måndag 4. januar 2010, klokka 21:23.