Schwäbisch Gmünd
Utsjånad
Schwäbisch Gmünd | |
---|---|
Byvåpen | Plassering |
Styresmakter | |
Land Delstat Regierungsbezirk Landkreis |
Tyskland Baden-Württemberg Stuttgart Ostalbkreis |
Grunnlagd | På midten av 1100-talet |
Geografi | |
Flatevidd - By |
113,78 km² |
Innbyggjarar - By (2012) - folketettleik |
58 293 512/km² |
Koordinatar | 48°48′0″N 9°48′0″E / 48.80000°N 9.80000°E |
Høgd over havet | 321 m |
Tidssone - Ved sommartid |
CET (UTC+1) CEST (UTC+2) |
Diverse annan informasjon | |
Postnummer | 73525–73529 |
Telefon-retningsnummer | 07171, 07173, 07165, 07332 |
Bilnummer | AA, GD |
Heimeside: www.schwaebisch-gmuend.de |
Schwäbisch Gmünd er ein by i Tyskland sør i delstaten Baden-Württemberg med om lag 58 000 innbyggjarar. Byen er den nest største byen i landkreisen Ostalbkreis etter Aalen.
Schwäbisch Gmünd ligg ved elva Rems, om lag 50 km aust for Stuttgart, hovudstaden i Baden-Württemberg. Han ligg òg ved den nordlege foten av Schwabisk Alb.
Historie
[endre | endre wikiteksten]Dei første busetnadane i dette området er frå om lag 100-talet e.kr, då romerske soldatar slo seg ned i nærleiken av limes, den romerske grensa. På 200-talet gjekk alemannarar over grensa og erobra området og slo seg ned her.
Schwäbish Gmünd vart grunnlagd på midten av 1100-talet. Han var ein fri keisarby frå 1268 til 1803, då han vart ein del av Württemberg.
Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- Denne artikkelen bygger på «Schwäbisch Gmünd» frå Wikipedia på engelsk, den 25. juni 2007.