Segovia
Segovia | |||||
---|---|---|---|---|---|
| |||||
Plassering | |||||
Styresmakter | |||||
Land | Spania | ||||
Autonom region | Castilla y León | ||||
Provins | Segovia | ||||
Borgarmeister | Pedro Arahuetes García | ||||
Geografi | |||||
Flatevidd - By |
163,59 km² | ||||
Innbyggjarar - Totalt (2008) - folketettleik |
56 858 347,6 /km² | ||||
Koordinatar | 40°57′N 0°4′W / 40.950°N 0.067°W | ||||
Høgd over havet | 1000 moh | ||||
Diverse annan informasjon | |||||
Postnummer | 40001-40006 | ||||
Telefon-retningsnummer | 921 | ||||
Nettstad: www.segovia.es |
Segovia er ein by i Spania, og provinshovudstad provinsen Segovia i Castilla y León. Byen ligg nord for Madrid, 35 minutt med tog. Byen har kring 55 000 innbyggjarar.
Attraksjonar
[endre | endre wikiteksten]Gamlebyen ligg på ein lang, smal ås og her ligg mange monument, mellom anna katedralen, ein kjend romerske akvedukt, ein alcázar (borgslott) og forskjellige romansk kyrkjer som San Esteban, San Martín og San Millán. Gamlebyen er innskrive på verdsarvlista til UNESCO og er omgjeve av murar bygd på 700-talet, truleg over ein romersk base.
Klima og vegetasjon
[endre | endre wikiteksten]Segovia har eit kontinentalt middelhavsklima, kaldt og tørt, på grunn av den høge plasseringa og avstanden til havet. Den årlege normaltemperaturen er 12 °C. I desember er temperaturen rundt -14 °C og i juli 34 °C. Den årlege normalnedbøren er 520 mm.
Den dominerande vegetasjonen er svartfuru, pinje, furu, eik, bøk og einer, samt kornåkrar.
Bakgrunnsstoff
[endre | endre wikiteksten]- Offisiell nettstad
- Turistside
- Bilete av Avila og Segovia Arkivert 2011-11-15 ved Wayback Machine.
- Informasjon og bilete i Segovia
Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- Denne artikkelen bygger på «Segovia» frå Wikipedia på engelsk, den 31. oktober 2009.