Sigismund av Det tysk-romerske riket
Sigismund av Det tysk-romerske riket | |||
| |||
Fødd | 14. februar 1368 | ||
---|---|---|---|
Fødestad | Praha, Reichsstadt Nürnberg | ||
Død | 9. desember 1437 | ||
Dødsstad | Znojmo | ||
Gravstad | Oradea | ||
Gift med | Maria av Ungarn, Barbara Celjska | ||
Dynasti | Huset Luxembourg | ||
Far | Karl IV av Det tysk-romerske rike | ||
Mor | Elisabet av Pommern | ||
Born | Elisabeth av Luxemburg, N. of Luxemburg, Prince of Hungary, János Hunyadi |
Sigismund av Det tysk-romerske riket (14. februar 1368–9. desember 1437) var tysk-romersk keisar, kurfyrste av markgrevskapet Brandenburg, konge av Ungarn og konge av Kroatia. Han var den siste keisaren frå huset Luxembourg.[1]
Sigismund var son av keisar Karl IV. Han var kurfyrste av Brandenburg frå 1378 til 1388 og frå 1411 til 1415, konge av Ungarn og Kroatia frå 1387, romersk-tysk konge frå 1411, böhmisk konge frå 1419 og tysk-romersk keisar frå 1433 til han døydde. I 1396 gjennomførte Sigismund eit krosstog mot tyrkarane, som endte med nederlag ved Nikopolis. I hans regjeringstid fann konsilet i Konstanz (1414–1418) og husittarkrigane (1419–1436) stad.
Då Sigismund overtok som böhmisk konge etter sin bror Vaclav i 1419, var det sterk motstand frå husittane mot ein fyrste som hadde medverka til bålferda til Jan Hus i 1415. Sigismund kunne derfor fyrst halda inntoget sitt i Praha i 1436.
Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- ↑ «Sigismund | Holy Roman emperor», Encyclopedia Britannica (på engelsk), henta 3. mars 2020
- Denne artikkelen bygger på «Sigismund av Det tysk-romerske riket» frå Wikipedia på bokmål, den 20. august 2023.