Sigourney Weaver
Sigourney Weaver | |||
Sigourney Weaver i september 2011. | |||
Fødd | 8. oktober 1949 (75 år) | ||
---|---|---|---|
Fødestad | Manhattan i New York City i New York, USA | ||
Aktive år | 1976–d. d. | ||
Verka som | Skodespelar og filmprodusent | ||
Mor | Elizabeth Inglis | ||
Far | Sylvester Weaver | ||
Ektefelle | Jim Simpson (sidan 1984) | ||
Born | Charlotte Simpson (f. 1990) | ||
Kjende roller | Ellen Ripley i Alien Dana Barrett i Ghostbusters Dian Fossey i I gorillaens rike Katharine Parker i Working Girl Dr. Grace Augustine i Avatar | ||
Prisar | Golden Globe Award for Best Actress – Motion Picture Drama, BAFTA Award for Best Actress in a Supporting Role, Golden Globe Award for Best Supporting Actress – Motion Picture, Saturn Award for Best Actress, Rachel Carson Award, stjerne på Hollywood Walk of Fame, Hasty Pudding Woman of the Year, Premio Goya InternacionalIng, Jupiter Awards |
Sigourney Weaver (fødd Susan Alexandra Weaver, 8. oktober 1949) er ein USA-amerikansk filmskodespelar og filmprodusent frå New York. Ho fekk sitt gjennombrot i Woody Allen sin dramafilm Annie og jeg i 1977 og sin fyrste hovudrolle i 1979 da ho skildra Ellen Ripley i kassasuksessen Alien – den 8. passasjeren. Weaver har seinare skildra den same rollefiguren i tre oppfølgjarar: Aliens (1986), Alien 3 (1994) og Alien: Oppstandelsen (1997). Rolleskildringa i Aliens ga Weaver hennar fyrste Oscarnominasjon,[1] ein nominasjon som i dag er ansett som ein milestolpe inna godkjenninga av science fiction, action og grøssere. Rollefiguren blir sett på som sentral i arbeidet med å utfordra kjønnsroller på film, og har gjentekne gangar blitt stemt fram som den beste heltinna i filmhistoria. I februar 2015 takka ho ja til å gjenta rolla som Ripley i den planlagd femte Alien-filmen, med Neill Blomkamp som regissør.[2]
Weaver har elles hatt roller i filmsuksesser som Ghostbusters (1984), Ghostbusters II (1989) og Avatar (2009). Ho har blitt nominert til Golden Globe sju gongar, og har vunne to gongar: ho vann prisen for beste kvinnelege hovudrolle i ein dramafilm med I gorillaens rike og beste kvinnelege birolle for Working Girl, båe under prisutdelinga i 1989.[3][4] Med dette vart ho den fyrste personen til å vinne to skuespillprisar på same Golden Globe-utdeling. Ho vann også ein BAFTA-pris for beste kvinnelege birolle for rolla i The Ice Storm (1997).[5] I tillegg til dette har ho blitt nominert tre gongar til Oscar-prisen, tre gongar til Emmy-prisen og seks gongar til Saturn Awards (av desse har ho vunne to stykk).
Ho har også hatt roller i filmar som Brennpunkt Djakarta (1982), Dave (1993), Death and the Maiden (1994), Copycat (1995), A Map of the World (1999) og Galaxy Quest (1999). Sigourney Weaver har også vist seg på TV-skjermen med skrekkfilmen Snow White: A Tale of Terror (1997), dramafilmen Prayers for Bobby (2009) og den politikkrelaterte miniserien Political Animals (2012). Ho har fått tilnamnet «dronninga av science fiction» på grunn av sine mange bidrag til science fiction-historia. Weaver har også hatt mindre biroller i film- og TV-suksesser som Futurama (2002), WALL-E (2008), Paul (2011) og The Cabin in the Woods (2012).
Weaver har også hatt talrike roller på scena, og blei nominert til ein Drama Desk-pris for prestasjonen i musikalen Das Lusitania Songspiel (1980).[6] I dette stykket var ho også medforfattar med klassekameraten Christopher Durang. Ho ble elles nominert til ein Tony-pris for beste kvinnelege birolle for rolleskildringa i Broadway-stykket Hurlyburly (1984).[7] Weaver vende tilbake til Broadway-scena for fyrste gang på 15 år i 2013, da ho skildra filmstjerna Masha i det Tony-vinnande skodespelet Vanya and Sonia and Masha and Spike.[8]
Filmar
[endre | endre wikiteksten](ufullstendig liste)
År | Film | Norsk tittel | Rolle |
---|---|---|---|
2006 | |||
Infamous | Beryktet | Babe Paley | |
The TV Set | Lenny | ||
Happily N'Ever After | Rieda | ||
Snowcake | Linda Freeman | ||
2004 | Imaginary Heroes | Sandy Travis | |
The Village | Alice Hot | ||
2003 | Holes | Warden Walker | |
2002 | Tadpole | Eve Grubman | |
2001 | Heartbreakers | Max Conners/Angela | |
1999 | Galaxy Quest | Gwen DeMarco/Lieutenant Tawny Madison | |
1997 | The Ice Storm | Janey Carver | |
Alien: Resurrection | Ellen Ripley | ||
1995 | Jeffrey | Debra Moorhouse | |
Copycat | Helen Hudson | ||
1994 | Death and the Maiden | Paulina Escobar | |
1993 | Dave | Ellen Mitchell | |
1992 | 1492: Conquest of Paradise | Dronning Isabella | |
Alien³ | Ellen Ripley | ||
1989 | Ghostbusters II | Dana Barrett | |
1988 | Working Girl | Katharine Parker | |
Gorillas in the Mist: The Story of Dian Fossey | Dian Fossey | ||
1986 | Aliens | Ellen Ripley | |
Half Moon Street | Dr. Lauren Slaughter | ||
1985 | Une femme ou deux | Jessica Fitzgerald | |
1984 | Ghostbusters | Dana Barrett | |
1982 | The Year of Living Dangerously | Jilly Bryant | |
1981 | Eyewitness | Tony Sokolow | |
1979 | Alien | Ellen Ripley | |
1977 | Annie Hall | Jenta med Alvy utanfor kinoen |
Teater
[endre | endre wikiteksten]År | Produksjon | Rolle | Merknad |
---|---|---|---|
1971 | Better Dead Than Sorry | Jenny | Yale Cabaret[9] |
1972 | Story Theatre | Williamstown Theatre Festival[10] | |
Sarah B. Divine! | Anita, the Eternal Maid | Williamstown Theatre Festival[11] | |
The Resistible Rise of Arturo Ui | Dockdaisy | Williamstown Theatre Festival[12] | |
The Rat Trap | Cynthia Muldoon | Williamstown Theatre Festival[13] | |
Once in a Lifetime | Florabel Leigh | Williamstown Theatre Festival[14] | |
The Elephant Calf | Williamstown Theatre Festival[15] | ||
1973 | Stormen | Yale Repertory Theatre[16] | |
1973–74 | Watergate Classics | Yale Repertory Theatre[16] | |
1974 | Rise and Fall of the City of Mahagonny | Yale University Theatre[16] | |
The Nature and Purpose of the Universe | Eleanor | Direct Theatre[17] | |
The Frogs | Kormedlem | Yale Repertory Theatre[18] | |
1975 | The Constant Wife | Marie-Louise Durham | Shubert Theatre (avløysar)[19] |
1976 | Titanic | Lidia / Annabella / Harriet | Direct Theatre[20] |
Das Lusitania Songspiel | Van Dam Theatre[21] | ||
Gemini | Judith Hastings | Playwright's Horizons | |
1977 | Marco Polo Sings a Solo | Freydis | Public/Newman Theatre[22] |
1978 | Conjuring an Event | Annabella | American Place Theatre[23] |
A Flea in Her Ear | Hartford Stage[24] | ||
1979 | New Jerusalem | Public Theater[25] | |
1980 | Das Lusitania Songspiel | Westside Theatre (ny versjon)[26] Ho var også medforfattar med Christopher Durang. | |
1981 | Beyond Therapy | Prudence | Phoenix Theatre[27] |
Som dere vil ha det | Rosalind | Dallas Festival of Shakespeare | |
1982 | Animal Kingdom | Cecelia Henry | Berkshire Festival[28] |
1983 | Old Times | Anna | Williamstown Theatre Festival[29] |
1984–85 | Hurlyburly | Darlene | Ethel Barrymore Theatre[30] Nominert—Tony-prisen for beste kvinnelege birolle i eit skodespel |
1986 | En sporvogn til begjær | Stella Kowalski | Williamstown Theatre Festival[31] |
1986–87 | Kjøpmannen i Venedig | Portia | Classic Stage Company |
1988 | The Show-Off | Clara | Williamstown Theatre Festival[32] |
1996 | Sex and Longing | Lulu | Cort Theatre[33] |
2001–02 | The Guys | Joan | The Flea Theater[34] |
2002 | The Mercy Seat | Abby Prescott | Acorn Theatre[35] |
2004 | Mrs Farnsworth | Marjorie Farnsworth | The Flea Theater[36] |
2007 | Crazy Mary | Lydia | Playwright's Horizons |
2007, 2008 | Love Letters | Melissa Gardner | To oppvisningar på The Flea Theater og The Detroit Film Theatre for velgjerd[37][38] |
2012–13 | Vanya and Sonia and Masha and Spike | Masha | McCarter Theatre[39] |
Referansar
[endre | endre wikiteksten]- ↑ «Aliens Award Wins and Nominations». IMDb.com. Henta 31. januar 2015.
- ↑ Sigurd Vik, Rune Håkonsen (26. februar 2015). «Sigourney Weaver klar for ny «Alien»-film». Filmpolitiet. Henta 26. februar 2015.
- ↑ «I gorillaens rike Award Wins and Nominations». IMDb.com. Henta 31. januar 2015.
- ↑ «Working Girl Award Wins and Nominations». IMDb.com. Henta 31. januar 2015.
- ↑ «The Ice Storms Award Wins and Nominations». IMDb.com. Henta 6. februar 2015.
- ↑ «Acting Work: Theatre». christopherdurang.com. Arkivert frå originalen 26. februar 2015. Henta 26. februar 2015.
- ↑ Nolan Feeney (29. juli 2012). «Sigourney Weaver and David Hyde Pierce will return to the stage this fall». Entertainment Weekly. Henta 23. februar 2015.
- ↑ Charles Isherwood (14. mars 2013). «Underneath Pajamas, Naked Depression». The New York Times. Henta 22. februar 2015.
- ↑ «Acting Theatre». Christopher Durang. Arkivert frå originalen 23. februar 2020. Henta 14. mars 2015.
- ↑ «Performance Archives | Williamstown Theatre Festival». USA: Wtfestival.org. Arkivert frå originalen 5. juni 2013. Henta 14. mars 2015.
- ↑ «Performance Archives | Williamstown Theatre Festival». USA: Wtfestival.org. Arkivert frå originalen 5. juni 2013. Henta 14. mars 2015.
- ↑ «Performance Archives | Williamstown Theatre Festival». USA: Wtfestival.org. 19. august 1972. Arkivert frå originalen 5. juni 2013. Henta 14. mars 2015.
- ↑ «Performance Archives | Williamstown Theatre Festival». USA: Wtfestival.org. Arkivert frå originalen 5. juni 2013. Henta 14. mars 2015.
- ↑ «Performance Archives | Williamstown Theatre Festival». USA: Wtfestival.org. 26. august 1972. Arkivert frå originalen 5. juni 2013. Henta 14. mars 2015.
- ↑ «Performance Archives | Williamstown Theatre Festival». USA: Wtfestival.org. Arkivert frå originalen 5. juni 2013. Henta 14. mars 2015.
- ↑ 16,0 16,1 16,2 «Yale Repertory Theatre, Production History 1966/67-1977/80 Seasons». Webcache.googleusercontent.com. Arkivert frå originalen 19. oktober 2016. Henta September 25, 2010.
- ↑ «Christoper Durang - Longer One Act Plays - The Nature and Purpose of the Universe». Christopherdurang.com. Arkivert frå originalen 28. juni 2012. Henta 14. mars 2015.
- ↑ «Sondheim Guide / The Frogs». Sondheimguide.com. Henta 14. mars 2015.
- ↑ The Broadway League. «The Constant Wife | IBDB: The official source for Broadway Information». IBDB. Henta 14. mars 2015.
- ↑ «Christoper Durang - Longer One Act Plays - Titanic». Christopherdurang.com. Arkivert frå originalen 28. november 2012. Henta 14. mars 2015.
- ↑ «Lortel Archives-The Internet Off-Broadway Database». Lortel.org. Arkivert frå originalen 26. august 2014. Henta 14. mars 2015.
- ↑ «Lortel Archives-The Internet Off-Broadway Database». Lortel.org. Arkivert frå originalen 13. februar 2015. Henta 14. mars 2015.
- ↑ «Lortel Archives-The Internet Off-Broadway Database». Lortel.org. Arkivert frå originalen 19. november 2005. Henta 14. mars 2015.
- ↑ The New York Times, 13. januar 1978. Gussow, Mel. «A Flea in Hartford's Ear»
- ↑ The New York Times, 16. februar 1979. Gussow, Mel. «An Evening in New Jerusalem; On the Trail of Kef»
- ↑ «Lortel Archives-The Internet Off-Broadway Database». Lortel.org. Arkivert frå originalen 4. september 2007. Henta 14. mars 2015.
- ↑ «Full Length Plays - Beyond Therapy by Christopher Durang». Christopherdurang.com. 1. januar 1981. Arkivert frå originalen 13. januar 2013. Henta 14. mars 2015.
- ↑ «Animal Kingdom Review». The New York Times.
- ↑ «Performance Archives | Williamstown Theatre Festival». USA: Wtfestival.org. 13. august 1983. Arkivert frå originalen 5. juni 2013. Henta 14. mars 2015.
- ↑ The Broadway League. «The official source for Broadway Information». IBDB. Henta 14. mars 2015.
- ↑ «Performance Archives | Williamstown Theatre Festival». USA: Wtfestival.org. 24. august 1986. Arkivert frå originalen 5. juni 2013. Henta 14. mars 2015.
- ↑ «Performance Archives | Williamstown Theatre Festival». USA: Wtfestival.org. August 27, 1988. Arkivert frå originalen 5. juni 2013. Henta 14. mars 2015.
- ↑ «Full Length Plays - Sex and Longing by Christopher Durang». Christopherdurang.com. 12. september 1996. Arkivert frå originalen 10. januar 2013. Henta 14. mars 2015.
- ↑ «The Flea Theater - The Guys». Theflea.org. Henta 14. mars 2015.
- ↑ Julie Salamon Published: December 15, 2002 (15. desember 2002). «Theater; A Response to 9/11 So Unheroically Human - New York Times». Select.nytimes.com. Henta 14. mars 2015.
- ↑ «The Flea Theater - Mrs. Farnsworth». Theflea.org. Henta 14. mars 2015.
- ↑ «Sigourney Weaver and Jeff Daniels Will Send Love Letters for Flea's One-Night Benefit». Playbill.com. May 9, 2007. Henta 14. mars 2015.
- ↑ Andrew Gans (26. juli 2008). «Sigourney Weaver and Jeff Daniels Send Love Letters July 26». Playbill.com. Henta September 25, 2010.
- ↑ Pogrebin, Robin (29. juni 2012). «A Theatrical Reunion for Sigourney Weaver and Christopher Durang». The New York Times. Henta 22. februar 2015.
Bakgrunnsstoff
[endre | endre wikiteksten]- Sigourney Weaver ved IMDb