Slaget ved Rio de Janeiro i 1710
Utsjånad
Slaget ved Rio de Janeiro | |||||||
---|---|---|---|---|---|---|---|
Del av den spanske arvefølgjekrigen | |||||||
| |||||||
Partar | |||||||
Portugal | Frankrike | ||||||
Kommandantar | |||||||
Francisco de Moraes de Castro | Jean-François Duclerc # |
Santa Marta – Guadeloupe – Nassau – Colonia del Sacramento – Cartagena de Indias – 1. Rio – 2. Rio – Cassard |
Slaget ved Rio de Janeiro i 1710 var eit mislukka raid av ein fransk kaperflåte på den portugisiske kolonibyen Rio de Janeiro i august 1710 under den spanske arvefølgjekrigen. Raidet var nesten fullstendig mislukka. Kommandanten Jean-François Duclerc og meir enn 600 mann vart tekne til fange. Portugisarane nekta å sleppe laus eller utveksle fangane og dette medverka til at franskmennene utførte eit nytt vellukka raid året etter.
Duclerc vart myrda i fangenskap i mars 1711 av ukjende drapsmenn.[1]
Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- Denne artikkelen bygger på «Battle of Rio de Janeiro (1710)» frå Wikipedia på engelsk, den 28. mai 2011.
- Wikipedia på engelsk oppgav desse kjeldene:
- Boxer, Charles Ralph. The golden age of Brazil, 1695-1750: growing pains of a colonial society
- ↑ Boxer, s. 91