Slottet i Versailles
Utsjånad
Slottet i Versailles | |||
| |||
Arkitekt | Louis Le Vau, François d'Orbay, Jules Hardouin-Mansart, André Le Nôtre, Charles Le Brun, Robert de Cotte, Ange-Jacques Gabriel | ||
---|---|---|---|
Stil | nyklassisistisk arkitektur, fransk barokkarkitektur | ||
Slottet i Versailles 48°48′17″N 2°07′13″E / 48.804722222222°N 2.1202777777778°E |
Slottet i Versailles (fransk Château de Versailles), ofte berre kalla Versailles, er eit kongeleg slott i Versailles vest for Paris sentrum.
Det majestetiske slottet og parken rundt blei oppført av Ludvig XIV, kjend som Solkongen, for å visa fram makta si og for å flytta frå opprørske Paris.
Slottet er kjend for ei rekke historiske hendingar, som utropinga av Det tyske keisarriket i 1871 etter at Frankrike tapte den fransk-prøyssiske krigen, og Versaillestraktaten som blei utforma og underskriven her etter første verdskrigen.
Det barokke slottet i Versailles inspirerte monarkar og andre byggherrar rundt om i Europa til å oppføra liknande bygg. Det står i dag på UNESCO-lista over verdsarva.
Kjelder
[endre | endre wikiteksten]Denne artikkelen treng referansar for verifikasjon. |
Bakgrunnsstoff
[endre | endre wikiteksten] Wikimedia Commons har multimedia som gjeld: Slottet i Versailles