Sly Stone
Sly Stone | |||
Sly Stone med The Family Stone i 2007. | |||
Fødd | 15. mars 1943 (81 år) | ||
---|---|---|---|
Fødestad | Denton i Texas i USA | ||
Fødenamn | Sylvester Stewart | ||
Alias | Sly Stone | ||
Opphav | USA | ||
Aktiv | Sidan 1952 | ||
Sjanger | Funk, psykedelisk soul, rock | ||
Instrument | Vokal, klaverinstrument, gitar, bassgitar, munnspel | ||
Tilknytte artistar | Joe Piazza and the Continentals, The Viscaynes, Sly and the Family Stone | ||
Plateselskap | Epic Records, Warner Bros., Cleopatra | ||
Verka som | Songar, låtskrivar, musikar, produsent | ||
Prisar | Grammy Lifetime Achievement Award |
Sylvester Stewart (fødd 15. mars 1943), betre kjend under scenenamnet Sly Stone, er ein USA-amerikansk musikar, låtskrivar og plateprodusent. Han er mest kjend som frontmann i Sly and the Family Stone, som spelte ei viktig rolle i utviklinga av soul, funk, rock og psykedelia i 1960- og 1970-åra.[1]
Stone voks opp i California og meistra fleire instrument i tidleg alder, og spelte gospel som barn med syskena (og framtidige bandkollegaene) Freddie og Rose. I midten av 1960-åra arbeidde han både som plateprodusent for Autumn Records og DJ for radiostasjonen KSOL i San Francisco. I 1966 skipa Stone Sly & the Family Stone, som var blant dei første rasemessige integrerte gruppene i popmusikken med både mannlege og kvinnelege medlemmar. Gruppa fekk hittar som «Dance to the Music» (1968), «Everyday People» (1968), «Thank You (Falettinme Be Mice Elf Agin)» (1969) og «Family Affair» (1971) og kritikarroste album som Stand! (1969) og There's a Riot Goin' On (1971).
I midten av 1970-åra førte dopproblema og den ureknelege oppførselen hans til at gruppa vart oppløyst og han spelte inn ei rekkje, lite suksessrike soloalbum. I 1993 vart han innlemma i Rock and Roll Hall of Fame som medlem av gruppa.[2]
Diskografi
[endre | endre wikiteksten]- 1967: A Whole New Thing
- 1968: Dance to the Music
- 1968: Life
- 1969: Stand!
- 1970: Greatest Hits (Inneheld hitsinglar som ikkje finst på andre album: «Everybody Is a Star», «Hot Fun in the Summertime», «Thank You (Falettinme Be Mice Elf Agin)»)
- 1971: There's a Riot Goin' On
- 1973: Fresh
- 1974: Small Talk
- 1975: High on You (berre oppført som «Sly Stone»)
- 1976: Heard Ya Missed Me, Well I'm Back
- 1979: Back on the Right Track
- 1982: Ain't but the One Way
- 2009: The Woodstock Experience (samling av konsertopptak)
- 2011: I'm Back! Family & Friends (berre oppført som «Sly Stone»)
Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- Denne artikkelen bygger på «Sly Stone» frå Wikipedia på engelsk, den 19. oktober 2020.
- Wikipedia på engelsk oppgav desse kjeldene:
- ↑ AllMusic – Sylvester «Sly Stone» Stewart
- ↑ «Sly and the Family Stone | The Rock and Roll Hall of Fame and Museum». Rockhall.com. 15. april 2013. Arkivert frå originalen 6. august 2019. Henta 19. oktober 2020.
Bakgrunnsstoff
[endre | endre wikiteksten]- Einskildmenn
- Fødde i 1943
- Afroamerikanske rockesongarar
- USA-amerikanske låtskrivarar
- USA-amerikanske bandleiarar
- USA-amerikanske funkgitaristar
- USA-amerikanske funk-klaverspelarar
- USA-amerikanske funksongarar
- USA-amerikanske gitaristar
- USA-amerikanske songarar
- USA-amerikanske multi-instrumentalistar
- USA-amerikanske organistar
- Musikarar frå Texas
- USA-amerikanske rhythm and blues-gitaristar
- USA-amerikanske rhythm and blues-klaverspelarar
- USA-amerikanske rhythm and blues-songarar
- USA-amerikanske munnspelspelarar
- USA-amerikanske rockeklaverspelarar
- USA-amerikanske rockegitaristar
- USA-amerikanske rockesongarar
- USA-amerikanske soulgitaristar
- USA-amerikanske soulklaverspelarar
- USA-amerikanske soulsongarar
- Folk frå Denton i Texas
- P-Funk-medlemmar
- Grammy Lifetime Achievement Award
- Sly and the Family Stone-medlemmar