Sonja Hagemann
Sonja Hagemann | |
Statsborgarskap | Noreg |
Fødd | 6. september 1898 Oslo |
Død |
17. oktober 1983 (85 år) |
Yrke | litteraturhistorikar, litteraturkritikar |
Politisk parti | Venstre |
Sonja Agnes Weyergang Hagemann (6. september 1898–17. oktober 1983) var ein norsk litteraturhistorikar og litteraturkritikar frå Oslo.
Sonja Weyergang voks opp i Kristiania og tok eksamen i statsøkonomi ved Universitetet i Oslo i 1919. Den fyrste arbeidsplassen hennar var koparstikksamlinga ved Nasjonalgalleriet. Seinare jobba ho m.a. som sekretær hjå Statens Prisdirektorat. I 1925 gifte ho seg med lækjaren Otto Hagemann.
Familien busette seg i Rogaland fram til femtitalet, og her jobba Sonja friviljug med folkeopplysning og på bibliotek. I 1946 kontakta ho Dagbladet og spurde om å få vera kritikar av barnebøker, og ho vart den fyrste barnebokkritikaren i avvisa; denne stillinga hadde ho i 25 år til 1971. Ho hadde eit uttrykt mål om å utvikla ein fagleg fundert kritikk av barnebøker som skulle framheva dei litterære kvalitetane deira. Ho interesserte seg for kvalitetslitteratur, og avviste meir "populære" barnebøker. I mange år sat ho både i den rådgjevande komiteen for skuleboksamlingane og i juryen for barnebokprisen til Kyrkje- og kulturdepartementet.
I 1965 gav Hagemann ut det fyrste bindet i trebindsverket Barnelitteratur i Norge. Ho skreiv òg ei avhandling som bygde på dette fyrste bindet, og fekk lisensiatgrad for det i 1967. Det andre bindet kom ut i 1970, og det siste i 1974. Ho er vorten særskilt namngjeten for dette verket, og det la grunnlaget for all undervisning om norsk barnelitteratur i fleire tiår.
Hagemann hadde også ei stor interesse for illustrering av barnebøker. Ho bidrog til mange artiklar om illustratørar i Norsk kunstnerleksikon. Den siste boka ho skreiv, handla om illustrasjonane i norske barnebøker. Ho fekk namnet De tegnet for barna. Norske kunstneres illustrasjoner i bøker for barn, og vart utgjeven posthumt i 1986.
Hagemann mottok Norsk kulturråds ærespris for arbeidet sitt i 1980. Ho døydde i 1983. Sonja Hagemanns barne- og ungdomsbokpris har fått namnet sitt etter henne, og har vorte delt ut sidan 1990.
Verk
[endre | endre wikiteksten]- Hvorfor leser vi? – sakprosa (1947)
- Henrik Wergelands hustru, Amalie Sofie Bekkevold - sakprosa (1960)
- Jørgen Moe, barnas dikter – sakprosa (1963)
- Hjertets geni. Henrik Wergelands diktning for barn – sakprosa (1964)
- Barnelitteratur i Norge inntil 1850 – avhandling (1965)
- Mummitrollbøkene. En litterær karakteristikk – sakprosa (1967)
- Jeg er så glad hver julekveld. En bok om Marie Wexelsen, salmedikter og opprører – sakprosa (1968)
- Elling Holst. Norske barnerims plass i den fellesnordiske tradisjon – sakprosa (1969)
- Barnelitteratur i Norge 1850-1914 – sakprosa (1970)
- Barnelitteratur i Norge 1914-1970 – sakprosa (1974)
- Henrik Wergelands mor, Alette Dorothea Thaulow – sakprosa (1976)
- Klassisk barnelitteratur. Før oss - 1 og 2, veiledning for lærere – lærebok (1977)
- De tegnet for barna. Norske kunstneres illustrasjoner i bøker for barn – sakprosa (1986) (posthumt utgjeven)
Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- Bokmålswikipedia om Sonja Hagemann.
- Store Norske Leksikon om Hagemann.
- Utdjupande artikkel om Hagemann skriven av Karin Beate Vold for Norsk Biografisk Leksikon.