Spettefuglar
Spettefuglar | |
Rødbuktukan Ramphastos dicolorus (Foto: Dario Sanches) | |
Systematikk | |
Rike: | Dyr Animalia |
Rekkje: | Ryggstrengdyr Chordata |
Underrekkje: | Virveldyr Vertebrata |
Klasse: | Fuglar Aves |
Underklasse: | Neognathae |
Overorden: | Coraciimorphae |
Orden: | Spettefuglar Piciformes |
Infraorden: | Spettefuglar Tetanurae Meyer & Wolf, 1810 |
Spettefuglar, Piciformes, er ein biologisk orden av små til mellomstore fuglar som hovudsakleg har leveområde i skog. Den mest kjente av desse er spettefamilien som inkluderer hakkespettar og nære slektningar. Piciformes inneheld nærare 360 artar i om lag 50 slekter i sju familiar, kor spettefamilien samlar over halvparten av artane.[1]
I hovudregelen er Piciformes insektetarar, med unnatak for skjeggfuglar og tukanar som et frukt for det meste, og voksetarar som er heilt unike blant fuglar fordi dei er i stand til å fordøye bivoks, sjølv om hovuddietten også hos voksetarar er insekt. Nesten alle Piciformes har papegøyeliknande zygotisk fot - to tær framover og to bakover, ei ordning som gjev openberre føremonar for fuglar som nyttar mykje tid på trestammar. Eit unnatak er nokre få artar av tretåa hakkespettar. Fuglane i Piciformes har ikkje dun nokon gong, berre ekte fjør. Dei varierer i storleik frå malaypikulett på 8 centimeter i lengd, og vekt på 7 gram, til gulnebbtukan på 61 cm og 500 gram. Alle hekkar i holrom og får ungar som er lite utvikla ved klekking.
Systematikk
[endre | endre wikiteksten]Jakamarar og dovenfuglar er sett inn i sin eigen distinkte orden Galbuliformes,[1] men mange handsamar dei to familiane som ein underorden av Piciformes, og likestilla med underordenen Pica som samlar skjeggfuglar, tukanar, voksetarar og spettefamilien. Tidlegare var det dessutan semje om å handsame alle skjeggfuglar som ein familie.[2] Men dette viste seg å vere parafyletisk med omsyn til tukanane. Derfor har autoritetar i systematikk skilt ut dei asiatiske skjeggfuglane til ein ny familie Megalaimidae og dei afrikanske til Lybiidae.
Familiar av spettefuglar i rekkjefølgje etter Clementslista versjon 6.6 frå august 2011[1]
- Afrikaskjeggfuglfamilien, Lybiidae
- Asiaskjeggfuglfamilien, Megalaimidae
- Amerikaskjeggfuglfamilien, Capitonidae
- Tukanskjeggfuglfamilien, Semnornithidae
- Tukanar, Ramphastidae
- Voksetarar, Indicatoridae
- Spettar, Picidae
Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- Denne artikkelen bygger på «Piciformes» frå Wikipedia på engelsk, den 17. desember 2008.
Referansar
[endre | endre wikiteksten]- ↑ 1,0 1,1 1,2 Clements, J.F.; T. S. Schulenberg; M.J. Iliff; B.L. Sullivan; C. L. Wood (august 2011), The Clements checklist of birds of the world: Version 6.6 (Excel spreadsheet), Cornell Lab of Ornithology, henta 25. september 2012
- ↑ LL Short, JFM Horne (2002). «Jamacars to Woodpeckers». I Del Hoyo, J.; Elliot, A. & Christie D. Jacamars to woodpeckers. Handbook of the Birds of the World. Band 7. Barcelona: Lynx edicions. ISBN 84-87334-37-7.