Hopp til innhald

St. Gallen

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
St. Gallen
by
St. Gallen-katedralen og gamlebyen.
Våpenskjold
Land  Sveits
Distrikt St. Gallen
Areal 39,41 km²
Folketal 75 833 (31. desember 2018)[1]
Språk tysk
ISO 3166-2 kode CH-SG
Postnummer 9000
Kart
St. Gallen
47°25′24″N 9°22′38″E / 47.423333333333°N 9.3772222222222°E / 47.423333333333; 9.3772222222222
Wikimedia Commons: St. Gallen

St. Gallen[a] er ein by og ein kommune og hovudstad i kantonen St. Gallen i Sveits. Kommunen har 72 959 innbyggjarar (2010) og eit areal på 39 km². Byen ligg 675 meter over havet.

St. Gallen ligg ved elva Steinach, ei elv som munnar ut i Bodensjøen. Byen var grunnlagd på 600-talet, og er i dag rekna som det kulturelle og økonomiske senteret i Aust-Sveits. Han ligg på aksen mellom hovudårane St. Margrethen-Rorschach-St. Gallen-Winterthur-Zürich og Romanshorn-St. Gallen-Rapperswil-Luzern, og er ein inngangsport til Appenzell-regionen. Største turistmåla i byen er Stiftskirche og stiftsbiblioteket. Begge bygningane er på verdsarvlista til UNESCO.

Flyfoto av St. Gallen.

Bynamnet St. Gallen er etter vandrarmunken Gallus, så byen vert også kalla Gallusstadt.

St. Gallen ligg mellom to parallelle åsar, Rosenberg i nord og Freudenberg i sør. Dalen i mellom grensar i vest mot den djupe Sitterkløfta, i aust mot elva Steinach. Elva renn i dag, for størstedelen, i i ein overbygd kanal under byen.

Grunna den spesielle topografien i St. Gallen, vert byen også kalla byen med dei tusen trappene. Mange trapper er bygt til både Freudenberg og til Rosenberg.

Byen St. Gallen grensar mot kommunane Gossau i vest, Gaiserwald og Wittenbach i nord, Mörschwil, Untereggen og Eggersriet i aust. I sør grensar byen mot kantonen Appenzell Ausserrhoden.

St. Gallen ligg på eit område med lausmassar. Store delar av byen er bygt på ustabil torvjord med ein stor del grunnvatn. Mange bygningar i midtbyen, inkludert sentralbanestasjonen og hovudpostkontoret, er difor bygt på pålar av eik.

St. Gallen ligg i den tempererte klimasonen. Vestlege vindar ofte påverkar verlaget. Åsane i kring byen er dei første høgdene som skyene frå vest til aust støyter på, og det er såleis ofte mange dagar med regn eller snø på bakken. Regnskyene byggjer seg opp under alpefjella. I nordleg eller nordaustleg vind ligg St. Gallen under låge skyer, om vinterhalvåret vert det då kaldt og surt. Dette vert vanlegvis følgt av tett skodde. Dei kalde, fuktige luftmassane ligg langs bakken, medan veret er fint i høgareliggjande område, såkalla inversjon. Dei store vassmengdene i Bodensjøen er med på å danne skodde, særleg om hausten og vinteren.

Om sommaren er veret prega av hyppig og langvarig nedbør, med kraftig torever mot kvelden. I tett skodde, noko som ofte er tilfelle om hausten, kan byen ligge meir eller mindre dekt. Grunna høgda over havet kan skodda fordampe ut over dagen. I fønver er det sol og varmt. Med fønvind kan temperaturen stige 10° Celsius i løpet av få timar, trass i at byen ikkje ligg i det fremste nedslagsfeltet for sørlege vindar. Om vinteren fell nedbøren som snø, og kan på avsølte stader liggje til april.

Årleg gjennomsnittstemperatur er 7,4° C, gjennomsnittleg julitemperatur er 16°, i januar -1,8°. Den gjennomsnittlege nedbøren er 1 250 mm, størstedelen fell om sommaren.

Den katolske stiftskyrkja i St. Gallen.
Interiør i stiftsbiblioteket i St. Gallen.

Språk og samfunn

[endre | endre wikiteksten]

73% av innbyggarane i St. Gallen var sveitsiske borgarar i 2006. Borgarar av utanlandske statar stod såleis for 27% av det totale folketalet. Personar frå den tidlegare staten Jugoslavia utgjorde 1/3 av dei utanlandske statsborgarane, medan innvandrarar frå Tyskland og Italia stod for høvesvis 17% og 15% av den utanlandske befolkninga.

Tysk er det offisielle språket og arbeidsspråket i byen. Talespråket er sanktgaller-tysk. I følgje folketeljinga i 2000 er tysk morsmål for 83% av befolkninga.

Sidan Vadian leia innføringa av reformasjonen i St. Gallen, var byen St. Gallen eit senter og ei høgborg for protestantismen i Sveits. Derimot heldt heile det kringliggjande området ved byen fram med å vere underlagt det katolske klosteret. I 1918 vart dei katolske forstadene til St. Gallen, Straubenzellstrasse og Tablatt, slått saman med byen. Fram til rundt 1950 låg prosenttalet med katolikkar og evangelisk reformerte tilnærma fast på i underkant av 50% kvar. Deretter har den reformerte delen falle til 27% i 2000, medan katolikkane på same tid utgjorde 44%. 10% var ikkje truande, medan det fanst i kring 7% av både islamske samfunn og av ulike andre kristne kyrkjesamfunn.

Byrådet har 63 medlemer. Forsamlinga møtest kvar månad til offentlege møte i Waaghaus ved Marktplatz. Fem av medlemene i byrådet, derimellom ordføraren, har det daglege ansvaret for styringa av byen. Kvart fjerde år vert det halde val til byrådet. Valet i september 2008 gav åtte parti plass i byrådet. Sosialdemokratane (SP) fekk 15 av dei 63 plassane i forsamlinga og vart størst partigruppa.

Næringsliv

[endre | endre wikiteksten]

St. Gallen er eit økonomisk senter i Aust-Sveits. Nokre store forsikringsselskap og fleire bankar har hovudkontor i byen. Meir enn 85% av bedriftene i byen er i tenesteytande sektor, og særleg konsentrert om handel og informatikk. Dei fremste utdanningsstadene er Universitetet i St. Gallen, grunnlagt 1898, og ein handelshøgskule. Den historisk viktigaste industrien, tekstilindustrien med sine St. Gallen broderi, har spela ei minkande rolle sidan første verdskrigen.

Turisme er ei viktig næring i byen. Hotella hadde 169 000 overnattingar i 2006, 41% var utanlandske besøkande, hovudsakleg frå Tyskland og USA. I gjennomsnitt låg gjestene to netter på hotella. Fremste turistmåla i St. Gallen er Stiftskirche, ei kyrkje frå det 18. hundreåret i barokk stil, og dessutan det nærliggande stiftsbiblioteket med sine gamle manuskript. Gamlebyen med sine tronge gater og utsmykka karnapp minner om den rolla lerrets- og broderihandelen har spela i St. Gallen.

Fotballklubben FC St. Gallen er den eldste fotballklubben i Sveits. Klubben, som rykte ned frå toppdivisjonen i 2011, har vorte sveitsiske seriemeistrar to gonger, 1904 og 2000. St. Gallen er rekna som handballens mekka i Sveits. Handballklubben TSV St. Otmar St. Gallen spelar i førstedivisjon i Sveits, og har sidan 1964 sju gonger vorte sveitsisk meister, sist i 2001. I 1982 tapte klubben europacupfinalen. LC Brühl er den fremste kvinneklubben i handball og spelar i nasjonalserien. Klubben er, med sine 27 meisterskap og 7 cuptitlar, den mest suksessrike klubben i kvinnehandball i Sveits.

I september 2005, etter nesten eit tiår med planlegging, kom bygginga av eit nytt fotballstadion til 410 millionar sveitsiske franc i gang, vest i byen. Anlegget AFG Arena, som har ein kapasitet på 19 694 tilskodarar, vart opna 30. mai 2008 med ein landskamp, der Sveits vann med 3–0 over Liechtenstein.

Våpenskjold

[endre | endre wikiteksten]

Byvåpenet til St. Gallen er til minne om legenda om Gallus og bjørnen. Det viser ein hannbjørn med erigert penis og ein gyllen krage. Keisar Fredrik III gav i 1475 byen rett til dette våpenskjoldet, i takksemd for støtta under dei burgundiske krigane.

Reichsstadt Sankt Gallen
Stat i Det tysk-romerske riket (to 1499 / 1648)
Tilknytt Sveits og protektorat (1454–1798)

1401–1798
Hovudstad St. Gallen
Styreform Republikk
Historisk periode Mellomalderen
 - Byen grunnlagd ca. 612
 - Fekk Reichsfreiheit 1401
 - Klosteret vart eit
    sveitsisk
    protektorat


17. august 1451
 - Tilknytt og protektorat
    i Det sveitsiske
    eidsforbundet


13. juni 1454
 - Den schwabiske
    krigen
: de facto
    sjølvstendig frå HRE


1499
 - Freden i Westfalen:
    de jure sjølvstendig

1648
 - Annektert av
    Helvetiske Rep.
    kantonen Säntis


1798
 - Helv. Rep. kollapsa;
    byen og klosteret
    innlemma i
    kantonen St. Gallen



1803

Legenda om den heilage Gallus er datert til år 612 e.Kr. Benediktinarklosteret i St. Gallen vart grunnlagt i året 719. År 1180 vart St. Gallen såkalla fri keisarby. I 1319 gjekk byen i forsvarsforbund med Lindau og Überlingen, eit forbund som gjennom det komande hundreåret vart utvida då andre stader ved Bodensjøen slutta seg til. 1349 vart byen råka av Svartedauen. 23. juni 1454 svor byen St. Gallen på å slutte seg til det sveitsiske eidsforbundet. Tre år seinare betalte byen ein løysesum til abbeden/fyrsten på benediktinarklosteret.

Byen sitt vedtak om å gå med reformasjonen førte til ein langvarig strid mellom borgarskapen i byen og abbeden i klosteret med heile det katolske omlandet. Denne striden vart avslutta først etter danninga av kantonen St. Gallen. To pestepidemiar under trettiårskrigen, i 1629 og 1635, kravde høvesvis 2 420 og 1 000 menneskeliv, omtrent ein femdel av befolkninga. Ved freden i Westfalen i 1648 fekk St. Gallen både formelt og endeleg sjølvstende frå det tyske riket.

På 1800-talet var det djupe, sekteriske splittingar mellom byen og forstadene. Hærstyrkar frå republikken Helvetia marsjerte i 1804 inn i området. Både byen St. Gallen og dei kringliggjande landområda til abbeden, i tillegg til Appenzellane, vart hærsett. Abbeden rømde til Wien med ein stor del av rikdomane til abbediet. 113 meinigheiter danna seinare ei samanslutning som tok over eigedomane til klosteret og som vidareførar av den katolske tru. Kantonen St. Gallen er framleis ansvarleg for å finansiere presteskapet i distriktet og for tilsynet med katolsk vidaregående skule.

Den økonomiske boomen i byen St. Gallen byrja allereie under reformasjonen, med framveksten av den aust-sveitsiske tekstilindustrien. Både rundt 1810 og etter 1922 var det store kriser i tekstilindustrien. Tekstilkrisa førte i 1816 til at det braut ut hungersnaud, der rundt to tusen menneske svalt i hel. Krisa i verdsøkonomien på 1930-talet råka det no berømte St. Gallen-broderiet hardt. I kring 13 000 innbyggjarar flytta frå byen på nokre få år.

Panoramabilete av St. Gallen.

Byen St. Gallen og kantonen St. Gallen vedtok i 1852 om å gå saman om å bygge jarnbane frå Zürich til St. Gallen til Wil og vidare til Rorschach, jarnbanen stod ferdig fire år seinare. Elektrisk trikk vart innvigd i byen i 1897. Bankverksemd og forsikringsselskap har sidan vore viktige for vidare vekst. I dag er St. Gallen det økonomiske og kulturelle sentrum i Aust-Sveits og Alpenrhein.

  1. fransk Saint-Gall, italiensk San Gallo, retoromansk Son Gagl

Bakgrunnsstoff

[endre | endre wikiteksten]
Reiseguide for St. Gallen frå Wikivoyage
Commons har multimedium som gjeld: St. Gallen