Hopp til innhald

Stefania av Kalush Orchestra

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
«Stefania»
Song av Kalush Orchestra

Land Ukraina
Språk Ukrainsk
Utgjeve 7. februar 2022
Sjanger Folk, hiphop
Lengd 03:03
Selskap Sony Music Entertainment, ENKO
Låtskrivar(ar) Oleh Psiuk, Ihor Didentsjuk, Ivan Klimenko, Tymofij Muzytsjuk, Vitalij Duzjyk

«Stefania» (ukrainsk skrift «Стефанія», norsk transkripsjon Stefanija) er ein folkhiphop-låt frå 2022 med det ukrainske bandet Kalush Orchestra. Songen representerte Ukraina og vann Eurovision Song Contest 2022 i Torino i Italia.

«Stefania» er ein hiphop-song med sterke element av elektronisk pop og ukrainsk folkemusikk. Han er skriven av det ukrainske folk-hiphopbandet Kalush Orchestra og vart gjeven ut 7. februar 2022. Også teksta kombinerer ulike stilretningar; refrenga er bygde opp i typisk austeuropeisk folk-tradisjon, med korte setningar og lange vokalar. Versa har mykje lengre setningar og vert framført langt raskare enn refrenga, nærast rapping.[1]

Songen er ein ode til mødre, der eg-personen i songen fortel om gode minne om mor si, Stefanija.[2] Eg-personen legg merke til kor mykje eldre mora har vorte, og mimrar nostalgisk tilbake til barndomen: «Enga blomstrar, men ho vert grå. Syng ein voggesong for meg, mamma. Eg vil høyre dine ord».[1]

Eurovision Song Contest

[endre | endre wikiteksten]
Kalush Orchestra under ein pressekonferanse i Torino i mai 2022.

«Stefania» var blant bidraga i den ukrainske songtevlinga Vidbir laurdag 12. februar 2022, der vinnaren fekk representere Ukraina i Eurovision Song Contest.[3] I finalen vann «Stefania» telefonavrøystinga med stor margin, men enda samanlagd på andreplass, bak vinnaren Alina Pasj og songen «Shadows of Forgotten Ancestors».[4] Nokre dagar etter finalen valde Pasj å trekkje seg frå oppdraget med å representere Ukraina, på grunn av strid rundt ei reise ho hadde til Krim i 2015.[5][6] I Ukraina er det strenge reglar for innreise til den russisk-okkuperte halvøya.[5] Den ukrainske kringkastaren Suspilne vedtok difor å tilby oppdraget til andreplassen Kalush Orchestra, som etter litt områdingstid takka ja. Deltakinga vart offisielt stadfesta 22. februar 2022.[7]

Favorittstempel etter invasjonen

[endre | endre wikiteksten]

Berre to dagar etter kunngjeringa gjekk Russland til militært åtak på Ukraina.[8] Invasjonen gjorde at songen og den ukrainske deltakinga i Eurovision Song Contest fekk ekstra stor merksemd, og «Stefania» gjekk rett til topps hos bookmakarane.[9][10][11][12]

Den europeiske kringkastingsunionen utestengde samstundes Russland frå Eurovision Song Contest, som del av dei omfattande sanksjonane mot russiske myndigheiter.[13] Trass invasjonen og krigen bestemte Ukraina seg for å delta i Eurovision Song Contest 2022.[14]

Sigeren i Eurovision Song Contest

[endre | endre wikiteksten]

I vekene fram mot Eurovision Song Contest var «Stefania» soleklår favoritt til å vinne,[15] og han innfridde favorittstempelet. I finalen vann songen ein solid siger etter å ha fått rekordmange poeng frå tv-sjåarane, heile 439 poeng.[16] Dette var den tredje sigeren til Ukraina i Eurovision Song Contest.

Listeplasseringar

[endre | endre wikiteksten]
Liste (2022) Høgaste
plassering
Flagget til Austerrike Austerrike (Ö3 Austria Top 40)[17] 26
Flagget til Australia Australia (ARIA Digital Tracks)[18] 27
Flagget til Belgia Belgia (Ultratop Flandern)[19] 24
Flagget til Finland Finland (Suomen virallinen lista)[20] 2
Global 200 (Billboard) 85
Flagget til Hellas Hellas (IFPI Greece)[21] 9
Det irske flagget Irland (IRMA)[22] 30
Flagget til Island Island (Tónlistinn)[23] 7
Flagget til Italia Italia (FIMI)[24] 53
Flagget til Kroatia Kroatia (Billboard)[25] 6
Flagget til Litauen Litauen (AGATA)[26] 1
Det nederlandske flagget Nederland (Nederlandse Top 40)[27] 38
Det nederlandske flagget Nederland (Single Top 100)[28] 36
Flagget til Noreg Noreg (Topplista)[29] 19
Flagget til Portugal Portugal (AFP)[30] 92
Flagget til Slovakia Slovakia (Singles Digitál Top 100)[31] 27
Det britiske flagget Storbritannia (UK Singles)[32] 38
Flagget til Sveits Sveits (Schweizer Hitparade)[33] 11
Flagget til Sverige Sverige (Sverigetopplistan)[34] 7
Det tsjekkisk flagget Tsjekkia (Singles Digitál Top 100)[35] 22
Flagget til Tyskland Tyskland (Deutsche offizielle Charts)[36] 22
Flagget til Ukraina Ukraina (Tophit Radio & YouTube)[37] 2
Flagget til Ukraina Ukraina (Tophit Airplay)[38] 1
Flagget til Ungarn Ungarn (Single Top 40)[39] 5
Det amerikanske flagget USA (Billboard World Digital Song Sales)[40] 2
  1. 1,0 1,1 «"She rocked me; gave me rhythm" – Kalush Orchestra bring an ode to mothers in "Stefania" lyrics». wiwibloggs (på engelsk). 10. februar 2022. Henta 5. mars 2022. 
  2. «Kalush Orchestra: “’Stefania’ track is about the dearest person, Mom”». ESCBubble (på engelsk). Henta 5. mars 2022. 
  3. «Ukraine: 'Vidbir' acts announced 🇺🇦». Eurovision.tv (på engelsk). 25. januar 2022. Henta 5. mars 2022. 
  4. «Ukraine: Vidbir 2022 split results reveal Kalush Orchestra earned 44.66% of the televote». wiwibloggs (på engelsk). 23. februar 2022. Henta 5. mars 2022. 
  5. 5,0 5,1 «Alina Pash: Singer won't represent Ukraine at Eurovision». BBC News (på engelsk). 16. februar 2022. Henta 22. februar 2022. 
  6. «Ukraine offers Kalush Orchestra Eurovision 2022 spot "to maintain the trust of the audience"». wiwibloggs (på engelsk). 17. februar 2022. Henta 22. februar 2022. 
  7. «Ukraine: Kalush Orchestra will go to Turin with 'Stefania' 🇺🇦». Eurovision.tv (på engelsk). 22. februar 2022. Henta 5. mars 2022. 
  8. NTB (24. februar 2022). «Internasjonal fordømmelse av Russlands angrep mot Ukraina». www.abcnyheter.no (på norsk). Henta 5. mars 2022. 
  9. «Eurovision 2022 Odds: Ukraine see plenty of Betting Momentum». BettingOdds.com (på engelsk). 3. mars 2022. Henta 5. mars 2022. 
  10. «Eurovision 2022 odds: Ukraine passes Italy to become the new favourite to win». wiwibloggs (på engelsk). 28. februar 2022. Henta 5. mars 2022. 
  11. Catherine Gonsholt Ighanian (28. februar 2022). «Ukraina til topps på Eurovision-bettingen: – Vi skal ikke skuffe». www.vg.no (på norsk bokmål). VG Nett. Henta 5. mars 2022. 
  12. Leif Tore Lindø (28. februar 2022). «Reservene fra Ukraina er MGP-favoritter». www.aftenbladet.no (på norsk bokmål). Stavanger Aftenblad. Henta 5. mars 2022. 
  13. «EBU statement regarding the participation of Russia in the Eurovision Song Contest 2022». Eurovision.tv (på engelsk). 25. februar 2022. Henta 5. mars 2022. 
  14. «Kalush Orchestra - Ukraine - Turin 2022». Eurovision.tv (på engelsk). Arkivert frå originalen 23. februar 2022. Henta 5. mars 2022. 
  15. «Ukraine: Eurovision 2022 betting odds have Kalush Orchestra as favourites to win following final national selection weekend». wiwibloggs (på engelsk). 16. mars 2022. Henta 16. mars 2022. 
  16. Bronson, Fred; Bronson, Fred (15. mai 2022). «In Record-Setting Fashion, Ukraine Rides Popular Sentiment to 2022 Eurovision Win». Billboard (på engelsk). Henta 16. mai 2022. 
  17. Hung, Steffen. «Kalush Orchestra - Stefanią». austriancharts.at. Henta 27. mai 2022. 
  18. «The ARIA Report: Week Commencing 23 May 2022». The ARIA Report (Australian Recording Industry Association) (1681): side 9. 23. mai 2022. 
  19. «Kalush Orchestra - Stefania - ultratop.be». www.ultratop.be. Henta 22. mai 2022. 
  20. «Suomen virallinen lista – Artistit Kalush Stefania (Kalush Orchestra)». Musiikkituottajat (på finsk). Suomen Virallinen Lista. Henta 22. mai 2022. 
  21. «Official IFPI Charts Digital Singles Chart (International) Week: 20/2022». www.ifpi.gr. IFPI Greece. Arkivert frå originalen 31. mai 2022. Henta 10. juni 2022. 
  22. «Official Irish Singles Chart Top 50 | Official Charts Company». www.officialcharts.com (på engelsk). Henta 22. mai 2022. 
  23. «TÓNLISTINN – LÖG vika 20–2022» (på islandsk). Tónlistinn Plötutíðindi. Arkivert frå originalen 21. mai 2022. Henta 22. mai 2022. 
  24. «Classifiche – FIMI». www.fimi.it (på italiensk). Henta 22. mai 2022. 
  25. Cusson, Michael (15. februar 2022). «Croatia Songs». Billboard (på engelsk). Henta 27. mai 2022. 
  26. «2022 20-os savaitės klausomiausi (TOP 100)». Agata (på litauisk). Henta 22. mai 2022. 
  27. Top 40, Stichting Nederlandse. «Top 40-lijst van week 21, 2022». Top40.nl (på nederlandsk). Henta 22. mai 2022. 
  28. Hung, Steffen. «Kalush Orchestra - Stefania». hitparade.ch. Henta 22. mai 2022. 
  29. «Singel 2022 uke 20». topplista.no. Henta 22. mai 2022. 
  30. «Kalush Orchestra – Stefania». portuguesecharts.com. Portuguesecharts.com. Henta 10. juni 2022. 
  31. SK - SINGLES DIGITAL - TOP 100. «KALUSH Stefania (Kalush Orchestra) SONY MUSIC». hitparada.ifpicr.cz. ČNS IFPI. Henta 27. mai 2022. 
  32. «stefania | full Official Chart History | Official Charts Company». www.officialcharts.com (på engelsk). Henta 22. mai 2022. 
  33. «Kalush Orchestra - Stefania». Henta 22. mai 2022. 
  34. «Veckolista Singlar, vecka 20». Sverigetopplistan (på svensk). Henta 22. mai 2022. 
  35. «KALUSH Stefania (Kalush Orchestra) SONY MUSIC». hitparada.ifpicr.cz. ČNS IFPI. Henta 27. mai 2022. 
  36. «KALUSH ORCHESTRA STEFANIA SINGLE – Offizielle Deutsche Charts». www.offiziellecharts.de. Offizielle Deutsche Charts. Henta 22. mai 2022. 
  37. «All Media Hits – Top Weekly Hits – Tophit Music Charts». TopHit. Henta 5. mars 2022. 
  38. «Radio Hits – Top Weekly Hits – Tophit Music Charts». TopHit. Henta 16. mars 2022. 
  39. «Single Top 40 slágerlista - Hivatalos magyar slágerlisták». slagerlistak.hu. Henta 27. mai 2022. 
  40. devops (2. januar 2013). «World Digital Song Sales». Billboard (på engelsk). Henta 10. juni 2022.