Hopp til innhald

Stolpe

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Strømstolpe i Iran.
Elektrikar med stolpesko i ein strømstolpe.
Foto: Minette Lontsie

Stolpe er ein loddrett stokk som er sett fest i bakken og som ein kan bruka til å halda oppe utstyr som lys og leidningar. Stolpar kan ha namn etter bruksområdet sitt, som strømstolpe, kraftstolpe, lysstolpe eller kraftleidningstolpe. Stolpar med telefonlediningar blir kalla telefonstolpar, medan telegrafstolper fanst då ein sendte telegrafi via luftlinje.

Stolpar er vanlegvis av tømmer. Kreosot, som blei brukt til impregnering av stolpar, blei forbode i EU i 2001.[1]

Bruken av stolpar er redusert fordi elektriske kablar i større grad blir gravne ned, og fordi fasttelefon ofte er erstatta av mobiltelefon.[2][3]

Hakkespettar kan hakka hol i stolpar. Ei undersøking frå 1995 viste at norske elektrisitetsverk måtte erstatta hakkespettskadar for 2,9 millionar kroner per år.[4]

Bakgrunnsstoff

[endre | endre wikiteksten]
Commons har multimedium som gjeld: Stolpe