Hopp til innhald

Synnøve Solemdal

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Synnøve Solemdal


Statsborgarskap Noreg
Fødd 15. mai 1989 (35 år)
Kristiansund kommune
Idrett skiskyting
Tok del i VM i skiskyting 2019, Skiskyting under Vinter-OL 2018 – Sprint kvinner, Skiskyting under Vinter-OL 2014 – Jaktstart kvinner, Skiskyting under Vinter-OL 2018 – Jaktstart kvinner, Skiskyting under Vinter-OL 2018 – Normaldistanse kvinner, Skiskyting under Vinter-OL 2014 – Sprint kvinner

Synnøve Solemdal (fødd 15. mai 1989) er ein norsk skiskyttar frå Tingvoll som har vunne tre gullmedaljar og ein bronsemedalje i stafettane under VM i skiskyting 2012 og 2013. Ho er medlem av Tingvoll Idrettslag.

Solemdal gjekk den andre etappen då Noreg, med Tora Berger, Solemdal, Ole Einar Bjørndalen og Emil Hegle Svendsen på laget, vann mixstafetten då VM i skiskyting 2012 fann stad i tyske Ruhpolding. Ni dagar seinare fekk ho ein bronse då dei norske kvinnene gjekk inn til tredjeplass i 4 x 6 km stafett.

Under skiskytings-VM 2013 i tsjekkiske Nové Město na Moravě vart Solemdal verdsmeister både i mixstafett og 4 x 6 km stafett for kvinner. I begge stafettane var ho lagkamerat med Tora Berger, elles var Tarjei Bø og Emil Hegle Svendsen med på mixstaftten, medan Hilde Fenne og Ann Kristin Flatland gjekk dei fyrste etappane i kvinnestafetten. I dei individuelle meisterskapstevlingane har ho aldri vorte betre enn den 16. plassen ho tok i fellesstarten i 2013.

Solemdal vann jaktstarten i verdscupen i Hochfilzen den 8. desember 2012, ein prestasjon ho gjentok same staden nøyaktig eitt år etter. Elles i verdscupen i skiskyting har ho to pallplassar i Oberhof i januar 2014.

Bakgrunnsstoff

[endre | endre wikiteksten]