Târgoviște
Târgoviște | |||
---|---|---|---|
Chindiatårnet i Târgoviște | |||
| |||
Plassering | |||
Styresmakter | |||
Land | Romania | ||
Fylke | Dâmbovița | ||
Først nemnd i | 1396 | ||
Borgarmeister | Daniel-Cristian Stan | ||
Geografi | |||
Innbyggjarar[1] - Totalt (2021) |
66 965 | ||
Koordinatar | 44°55′27″N 25°27′24″E / 44.92417°N 25.45667°E | ||
Høgd over havet | 260 moh. | ||
Tidssone - Ved sommartid |
EET (UTC+2) EEST (UTC+3) | ||
Diverse annan informasjon | |||
Postnummer | 130xxx | ||
Retningsnummer (tlf) | +40 02 45 | ||
Bilnummer | DB | ||
Nettstad: www.pmtgv.ro |
Târgoviște (/tɨr.ˈgo.viʃ.te/, tysk Tergowisch), òg skrive Tîrgoviște, er ein by i Romania med om lag 80 000 innbyggjarar. Han er hovudstad i Dâmbovița fylke og ligg på høgresida av elva Ialomița.
Historie
[endre | endre wikiteksten]Byen vart først nemnd i 1396 i Reiseskildringar av Johannes Schiltberger og han vart hovudstad i eit voivodskap i Valakia, truleg under regjeringstida til Mircea cel Bătrân. Vlad III Dracula bygde seinare Chindiatårnet, som i dag er eit symbol på byen.
I 1597 kjempa Mihai Viteazul mot og vann eit avgjerande slag mot Det osmanske riket i Târgoviște.
Etter at Constantin Brâncoveanu flytta hovudstaden til București vart Târgoviște mindre viktig og folketalet minka i takt med dårlegare økonomi.
Det var i Târgoviște at Nicolae Ceaușescu og kona Elena vart dømde og avretta under den rumenske revolusjonen i desember 1989.
Busetnader
[endre | endre wikiteksten]Târgoviște er ein municipiu (større bykommune) med desse busetnadane:
Folketal 2011[2] | Folketal 2021[1] | |
---|---|---|
Târgoviște | 78 526 | 65 752 |
Priseaca | 1 084 | 1 213 |
Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- Denne artikkelen bygger på «Târgoviște» frå Wikipedia på engelsk, den 11. juli 2008.
Referansar
[endre | endre wikiteksten]- ↑ 1,0 1,1 «Populația rezidentă (Sexe, Județe, Municipii, orașe și comune*, Sate*) (Busett befolkning (kjønn, fylke, municipiu, oraș og comună, landsby))». Institutul Național de Statistică (Det nasjonale instituttet for statistikk). 1. desember 2021. Henta 20. september 2023.
- ↑ «Populatia stabila (rezidenta) pe judete, categorii de localitati, municipii, orase, comune si localitati componente ('Stabil befolkning (busett) etter fylke, lokalitetskategoriar, municipiu, oraș, comună og komponentlokalitetar')» (på rumensk). Institutul Național de Statistică ('Det nasjonale instituttet for statistikk'). 31. oktober 2011. Henta 10. september 2023.